Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Vi startar oppatt med eigentrening i Sollidalen og organisert trening på bana på kulturhuset - Men med restriksjonar

black_powder.jpg

Skyting i Sollidalen:

Tillete med eigentrening fra og med fredag 16 april.

Max tillatt antal deltakarar/personar inne er totalt 10 stk, vær oppmerksam på dette om opphaldsromet vert nytta. Einmeterskravet skal overhaldast til ei kvar tid, noko som betyr at det kan være berre fire stk samtidig på standplass. Viktig at absolutt alle som er på anlegget registrerer seg i boka.

Foreløbig vert det eigentrening, så får vi sjå om feltgruppa startar opp med organiserte treningsdagar etterkvart.

Skyting på Ørsta kulturhus:

Vi startar oppatt skytinga på kulturhuset fra og med mandag 19 april kl 18:00

Vi kan endeleg starte oppatt skytinga på kulturhuset men på samme måte som i haust vert det med ein god del begrensingar. Vi kjem bl. anna til å nytte berre fire standplassar for å kunne halde tilstrekkeleg avstand. Hugs å skrive deg på boka/påmeldingslista når du kjem, så vert denne nytta som "venteliste".

Det vert anledning til å vente på tur og ha det sosialt på opphaldsrommet bak standplass, men hugs 1 meter avstand til andre og at maks antall personar i lokalet/skytebana samtidig er totalt 10stk.

Førstkommande mandag (19 april) skyt vi hurtigprogram og Arnstein er standplassleiar.

Vel møtt!

Vi har som tidlegare nokre enkle kjørereglar for å redusere faren for smitte og dei finn du som vedlegg til denne posten.

Det vert lagt ut liste over skytedagar/standplassleiarar for resten av april og mai månad i løpet av neste veke, men opplegget vert som tidlegare med skyteprogram/cup på mandagar og fredagar. 

Sidan vi ikkje har nybyrjarar/sikkerheitskurs gåande vert tirsdagane nytta til silhuettskyting (på samme måte som i haust).

smittevern_2020-2021.pdf
issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS