NAIS skyting 2014
Dei organiserte skyteøvingane med NAIS-programmet i 2014 var frå fredag den 12. desember til og med mandag 22. desember.
I NAIS programmet skyt vi på dei store skivene med bedre tid enn i dei vanlege programma. Mange medlemar har delteke på denne skytinga i fleire år og har motteke vidarekomande medaljar. NSF har sett opp reglane for NAIS-programmet og vi har sett saman ein kortversjon for pistol. I 2014 oppnådde vi desse resultata.
Skyteøvingar på kulturhuset hausten 2014
Skyteøvingane i kjellaren av Ørsta Kulturhus gikk mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20 på same måten som tidlegare vintrar. Dei elektroniske skivene fungerte framleis .... Vel møtt til nye og meir røynde pistolskyttarar.
Annankvar onsdag deretter fredagar var det klubbstemne i feltskyting for handvåpen i Sollidalen våren 2014. Datoar og klokkeslett viser under. Vi tok med klubbvåpen og amunisjon dei fleste kveldane slik at alle medlemar kunne delta. Det neste klubbstemnet blir etter sommaren.
Avslutning inneskyting - vintercup
Fredag, 2. mai var siste dag for skyting inne i Ørsta før sommaren. Med dette er vintercupen 2013/2014 fullført. Vi gratulerer Morten Lien som for tredje året på rad fekk flest poeng. Vel møtt til ny vintercup etter sommaren.
Start inneskyting - Vintercup 2013/2014
Vi har starta med inneskyting i kjellaren på Kulturhuset. Det vert veksla mellom trening og vintercupskyting. Treningstidene er som før, måndag frå kl. 18.00 og fredag frå kl. 20.00. Onsdagane vert nytta til nybyrjarkurs.
Vintercupen 2012-2013 avslutta
Sidan feltsesongen har starta, avsluttar vi skytinga i kjellaren på Kulturhuset i Ørsta. Vinnar av vintercupen 2012-2013 vart Morten Lien med 6450 poeng.
Vi oppfordrar medlemmane til å nytte bana i Sollidalen til trening i sommar.
Skyteøvingar vinter/vår 2013
mandag kl 18-20,
onsdag kl 19-21 (Dei som gikk sikkerheitskurs i 2012 skal prioriterast) og
fredag kl 20-22.
NAIS-skyting i 2012
Måndag 17. desember og fredag 21. desember var det skyting om NAIS merka og medaljene for 2012. Dei komplette reglane frå Norges Skytterforbund er tilgjengeleg i sin heilheit for alle skyttarar, og i kortversjon for pistol.
Resultat med merke/medaljer for 2012 (oppdatert 8.1.2013). Resultat for åra før er i menyen til venstre under Resultatlister.
Skyteøvingar hausten 2012
Dei organiserte skyteøvingane i Ørsta/Volda Pistolklubb foregikk hausten 2012 i kjellaren av Ørsta Kulturhus mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. Vi oppfordra også her alle medlemar til å møte fram og vise aktivitet.
Trening/klubbstemne i Sollidalen sommaren 2012
Dei organiserte treningane var sommaren 2012 onsdagar frå kl 18 ved bana i Sollidalen. Medlemar som ville skyte saman med andre utanom dei oppsette tidene, kunne organisere skyting på klubben sin nettside på facebook og bruke bana i Sollidalen. Resultat frå klubbstemne den 29. august og tidlegare klubbstemne.
Skyteøvingar vinter/vår 2012
27. april 2012 var den siste dagen med organiserte skyteøvingar på kulturhuset for denne vinter/våren. Det blir truleg organiserte øvingar/klubbkonkurransar med klubbvåpen og amunisjon i Sollidalen også i år.
Øvingstidene i Kulturhuset denne vinteren var: mandag kl 18-20, onsdag kl 19-21 og fredag kl 20-22.
Skyteøvingar for begynnarane 2011
Ørsta/Volda Pistolklubb hadde etter begynnarkurset eigne øvingskveldar for deltakarane. Det foregikk onsdagar frå kl 19 på Ørsta Kulturhus.
På desse øvingskveldane blei begynnarane prioriterast føre meir erfarne ved tildeling av standplass. Ved ledig standplass, kunne ein meir erfaren skyttar øve. I første omgang blei det arrangert øvingar onsdagane før jul;
Dag | Vakter |
Onsdag 14.12 | Atle og Are |
Onsdag 21.12 | Atle og Are |
Det blir øvingar også etter nyttår. Fleire datoar og vakter kjem . . .
Skytetreningar hausten 2011
Dei organiserte skyteøvingane foregikk i kjellaren av Ørsta Kulturhus. Treningstidene var som tidlegare år; mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. Oppdatert Vintercup kan lesast frå lenkja i høgre marg.
Organiserte skyteøvingar sommaren 2011
Sommaren 2011 arrangerte Ørsta/Volda Pistolklubb trening/klubbstemne i feltskyting onsdagar frå kl 18 i Sollidalen. Siste gong denne sommaren var 28. september. Vi oppfordra alle medlemar til å delta på øvingane. Utanom dei organiserte treningsøktene kan alle medlemar få tilgang til å nytte skytebana i Sollidalen -også dei som nyleg har delteke på sikkerheitskurs.
JUSTERING AV SKYTEØVINGANE I ØRSTA VÅREN 2011
I et forsøk på å få flere til å møte på skyteøvingane på Kulturhuset i Ørsta, har vi innført rullering mellom cup-skyting og trening. Gjeldande for våren 2011.
Forhånd.12 |