Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Vidaregåande kurs i pistolskyting

blinkkule3.jpg

ØVPK arrangerte vidaregåande kurs i pistolskyting for våre medlemar laurdag den 20. februar 2016. Målet var at deltakarane skulle bli betre til å treffe blink. Vi er så heldige at Vlad Sacaleanu ville halde kurset.  Kurset var gratis for deltakarane og blei halde på engelsk. Påmeldingsfrist var 15. februar.

Vlad har i mange år vore profesjonell pistolskyttar i heimlandet Romania og har mellom anna delteke som pistolskyttar i olympiske leikar. Han har skote hos ØVPK dei siste månadane.

Det møtte 14 medlemar som fekk generelle og individuelle tips og råd frå ein profesjonell skyttar. Det var ikkje sett nokon krav til forkunnskap utanom å ha fullført begynnar-/sikkerheitskurs.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS