Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Skyteøvingar Ørsta kulturhus hausten 2017

baneblinkar2.jpg

Skyteøvingane for klubben sine medlemar i kjellaren av Ørsta kulturhus hausten 2017 har starta og varer til mandag den 18. desember. Skytetidene er mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. I oktober er det skyteøving med trenar(ar) til stades onsdagane frå kl 19. Vi oppmodar også dei som gikk sikkerheitskurs vinteren som var, om å delta på alle desse øvingane. Dei elektroniske skivene fungerer som dei skal - og ventar på oss ....

På øvingane kan dei frammøtte skyta eit program og delta i den interne konkurransen Vintercupen 2017/2018, eller øvingsskyte mot dei elektroniske skivene utanom program. Vintercupen inneheld programma Standard, Hurtig og VM Fin. Dette året skal vi oppdatere ein eigen vintercup for program skotne med Spesialpistolar eller Spesialrevolvarar (to hender er påbode her). Skyttar som skyt med spesialpistol eller spesialrevolvar må sjå til at standplassleiaren veit det, slik at resultatet blir registrert på rett plass (på resultatlista). Resultata i Vintercupen kjem fram dersom ein vel lenkja i høgre marg. For å fullføre vintercupen må ein skyttar ha skote kvart av programma minst fire gongar før ca utgangen av april 2018. Deltaking på stemne frå terminlista tel også i Vintercupen. Dei fire beste resultata i kvart program tel. Det blir også i år skyting av NAIS-programmet mot slutten av året.

Dette er dei organiserte øvingane inne i oppvarma lokale denne hausten. Per oktober 2017 var det fortsatt mogeleg å skyte ved bana i Sollidalen, men vegen dit vert ikkje brøyta dersom det skulle koma / når det kjem kvit nedbør.

Det er planlagt sikkerheitskurs dette året også. Til det kurset nyttar vi onsdagane frå kurset tek til og fram til jul. Vakter til onsdagane etter kurset vert organisert utanom denne lista.

Plan for øvingsdagane hausten 2017
 
 Dag P  r  o  g  r  a  m Korresp. Vakt
  Std   Hurtig  VM Fin NAIS    
 
O  K  T  O  B  E  R
Mandag 2. X         Jon Magnar
Onsdag 4.         Trenardag Frode og Are 
Fredag 6. X       Korr ViVa Kim 
Mandag 9. X         Jostein 
Onsdag 11.         Trenardag  Arnstein og Dag Ola 
Fredag 13. X         Frode 
Mandag 16.   X       Mass 
Onsdag 18.         Trenardag  Marcel og Arnstein 
Fredag 20.   X       Sven-Tore 
Mandag 23.     X     Morten 
Onsdag 25.         Trenardag  Marcel og Are 
Fredag 27.     X     Morten 
mandag 30.     X     Jostein 
 
N  O  V  E  M  B  E  R
Fredag 3.     X  Skyteøving utgår pga stemne H&Ø  
Laurdag 4.     X Kl 16: Skyteøving og klargjering til stemne søndag Are
Søndag 5.     X    Stemne ØVPK 
Mandag 6.   X       Jon Magnar
Fredag 10.   X       Mass 
Mandag 13. X         Erlend 
Fredag 17.   X       Sven-Tore 
Mandag 20.   X       Kim 
Fredag 24.       X   Eirik 
Mandag 27.       X   Erlend 
 
D  E  S  E  M  B  E  R 
Fredag 1.       X Vi tek til kl 18 Kim
Laurdag 2.   X   X Stemne ØVPK  
Mandag 4.     X     Marcel 
Fredag 8.     X   Korr ViVa Eirik 
Mandag 11.       X   Morten 
Fredag 15.       X   Sven-Tore 
Mandag 18.       X   Jon Magnar 

Alle vaktene er kontakta om denne lista på førehand der vaktene kunne seie kva dagar som passar. Vaktlista for oktober var sett opp 30. september, novemberlista den 22. oktober og desember den 22. november. Takk til alle som sa seg villig til å være vakt denne hausten. Dersom dagen likevel ikkje passar for den som er oppsett som vakt, har vakta sjølv ansvar for å finne ein erstattar. Vakta skal: hente nøklar, låse opp dørene til skytebana før skytetida tek til, normalt vere standplassleiar, låse igjen etterpå og levere tilbake nøklane. Atle, Jon Magnar og Are har nøklar.

Det ligg eit laminert ark med 2-sidig bruksanvisning for elektronikken ved standplass nr 1. Minner om at ein fortsatt kan nytte vendeskivene og at blinkane på dei elektroniske skivene skal klistrast etter bruk.

Standplassleiar har ansvar for at resultata vert registrerte på vintercupen. Are, Atle, Bjørnar, Erlend, Frode, Jon Erling, Jon Magnar, Jostein, Kim Ole, Morten, Sven-Tore og Tor har tilgang til å oppdatere Vintercupen med nye resultat. Andre som ynskjer å bidra med dette kan ta kontakt med Are for opplæring og brukarnamn/passord. Oppdatering av vintercupen skjer på Internett og er intuitivt oppbygd. Alle som har prøvd til no, har klart det !

Telefonliste vakter

Are Berg 9010 5647
Arnstein Myklebust 9061 5296
Dag Ola Myklebust 9159 0918
Eirik Tjugen 4110 2774
Erlend Vikestrand 4802 9545
Frode Krøvel 9977 4024
Jon Magnar Frislid 9096 0350
Jostein Eiken 9863 9283
Kim Tafjord 9703 9184
Marcel Emmen 4646 4434
Mass Langvatn 9822 2277
Morten Lien 9797 5706
Sven-Tore Verstad 9118 7681

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS