Skyteøvingar Ørsta kulturhus hausten 2016

Skyteøvingane i kjellaren av Ørsta kulturhus hausten 2016 varte frå 10. oktober til 19. desember. Skytetidene var mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. Vi oppmoda også dei som gikk sikkerheitskurs før sumaren om å delta på desse øvingane. Dei elektroniske skivene fungerte som dei skulle - og venta på oss ....
På øvingane kunne dei frammøtte skyta eit program og delta i den interne konkurransen Vintercupen 2016/2017. Det er også mogeleg å øvingsskyte mot dei elektroniske skivene utanom program. Vintercupen inneheld programma Standard, Hurtig og VM Fin. Dette året skal vi oppdatere ein eigen vintercup for program skotne med Spesialpistolar eller Spesialrevolvarar (to hender er påbode her). Skyttar som skyt med spesialpistol eller spesialrevolvar må sjå til at standplassleiaren veit det. Resultata i Vintercupen kjem fram dersom ein vel lenkja i høgre marg. For å fullføre vintercupen må ein skyttar ha skote kvart av programma minst fire gongar før ca utgangen av april 2017. Deltaking på stemne frå terminlista tel også. Dei fire beste resultata i kvart program tel. Det blir også i år skyting av NAIS-programmet mot slutten av året.
Dette er dei organiserte øvingane inne i oppvarma lokale denne hausten. Per oktober 2016 var det fortsatt mogeleg å skyte ved bana i Sollidalen, men vegen dit vert ikkje brøyta dersom det skulle koma / når det kjem kvit nedbør.
Det er planlagt sikkerheitskurs dette året også. Til det blir onsdagane nytta frå kurset tek til og fram til jul. Vakter til onsdagane vert organisert utanom denne lista.
Plan for øvingsdagane hausten 2016 | |||||||
Dag | P r o g r a m | Korresp. | Vakt | ||||
Std | Hurtig | VM Fin | NAIS | ||||
O K T O B E R | |||||||
Mandag | 10. | X | Kim Ole | ||||
Fredag | 14. | X | Eirik | ||||
Mandag | 17. | X | Vigra | Are | |||
Fredag | 21. | X | Vigra | Dag Ola | |||
Mandag | 24. | X | Morten | ||||
Fredag | 28. | X | Hege | ||||
Mandag | 31. | X | Jostein | ||||
N O V E M B E R | |||||||
Fredag | 4. | Ikkje skyteøving. H&Ø Skyttarlag har stemne | |||||
Søndag | 6. | X | Stemne ØVPK |
||||
Mandag | 7. | X | Jon Magnar | ||||
Fredag | 11. | X | Dag Ola | ||||
Mandag | 14. | X | Jostein | ||||
Fredag | 18. | X | Ålesund | Jon Erling | |||
Mandag | 21. | X | Sven-Tore | ||||
Fredag | 25. | X | Mass | ||||
Mandag | 28. | X | Are | ||||
D E S E M B E R | |||||||
Fredag | 2. | X | Start kl 18 | Erlend | |||
Laurdag | 3. | X | X | Stemne ØVPK | |||
Mandag | 5. | X | Jostein | ||||
Fredag | 9. | X | Dag Ola | ||||
Mandag | 12. | X | Morten | ||||
Fredag | 16. | X | Eva | ||||
Mandag | 19. | X | Jon Magnar |
Alle vaktene er kontakta om denne lista på førehand. Vaktlista for oktober var sett opp 4. oktober, november den 3. november og for desember den 24. november. Takk til alle som sa seg villig til å være vakt denne hausten. Når vi er så mange å dele på, blir det ein liten belastning på kvar medlem! Dersom dagen likevel ikkje passar for den som er oppsett som vakt, har vakta sjølv ansvar for å finne ein erstattar. Vakta skal: hente nøklar, låse opp dørene til skytebana før skytetida tek til, normalt vere standplassleiar, låse igjen etterpå og levere tilbake nøklane. Atle, Jon Magnar og Are har nøklar.
Det ligg eit laminert ark med 2-sidig bruksanvisning for elektronikken ved standplass nr 1. Minner om at ein fortsatt kan nytte vendeskivene og at blinkane på dei elektroniske skivene skal klistrast etter bruk.
Standplassleiar har ansvar for at resultata vert registrerte på vintercupen. Are, Atle, Bjørnar, Erlend, Jon Erling, Jon Magnar, Jostein, Kim Ole, Morten, Sven-Tore og Tor har tilgang til å oppdatere Vintercupen med nye resultat. Andre som ynskjer å bidra med dette kan ta kontakt med Are for opplæring og brukarnamn/passord. Oppdatering av vintercupen skjer på Internett og er intuitivt oppbygd. Alle som har prøvd til no, har klart det !
Telefonliste vakter |
|
Are Berg | 9010 5647 |
Atle Eikrem | 4169 1196 |
Dag Ola Myklebust | 9159 0918 |
Didrik Morits Hallstrøm | 9363 1757 |
Eirik Tjugen | 4110 2774 |
Hege Liaskar | 4009 1343 |
Jon Erling Clementsen | 9714 2872 |
Jon Magnar Frislid | 9096 0350 |
Jostein Eiken | 9863 9283 |
Kim Ole Græsdal | 4761 1445 |
Mass Langvatn | 9822 2277 |
Morten Lien | 9797 5706 |
Sven-Tore Verstad | 9118 7681 |