Organiserte treningstider i oktober for dei som ville bli betre pistolskyttarar
Onsdagane i oktober blei nytta til skyteøving på Ørsta kulturhus med trenar(ar) til stades. Desse kveldane var tenkte for medlemar som var motiverte til å drøfte og justere på det dei skjølve gjer når dei skyt for å treffe blinken. Vi oppmoda både begynnarar og meir røynde pistolskyttarar om å møte fram desse dagane.
Før sommaren 2017 gikk fleire av klubben sine medlemar på trenarkurs for pistol og det er desse som no kjem til å vere trenarar desse kveldane. Trenarane vil veilede skyttarane og svare på spørsmål etter beste evner. Så vel medlemane sjølve om dei vil yte ein innsats for å justere måten dei skyt på. Formålet er at dei som vil skal kunne kome i rett retning med skytinga si.
Det vil bli fokus på forskjellige tema dei forskjellege dagane.
Eg kan ikkje hugse at det har vore organiserte treningar for å bli betre i Pistolklubben, men no har vi sjansen. Vi må prøve oss fram med forskjellig til vi finn ei form som passar for både trenarane og medlemane. Først no altså onsdagar i oktober 2017.