Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

NAIS-skyting i 2017

nais_medaljer.jpg

Frå 11. til 18. desember 2017 var vi tilbake til å skyte NAIS-programmet på skyteøvingane mandag og fredag fram mot jul. Vi hadde skote dette programmet tidlegare i år og mange hadde treft godt. Resultata blei registrert på ei eiga liste for dette programmet. Lista er også under menyvalet Resultatlister. Vi oppmoda alle medlemar om å møte opp og skyte også dette programmet i 2017.

NAIS programmet har halvparten så mange seriar som dei vanlege programma og vi skyt berre på duellskivene. Endeleg eit programm der vi kan skyte mot dei store blinkane med nok tid - i starten. Programmet NAIS er ei blanding av seriane i Standardpistol og Finpistol og består av 2 seriar med 150 sekund skytetid, 2 duellseriar, 1 serie med skytetid 20 sekund og 1 serie med 10 sekund.

NSF har sett opp reglane for NAIS-programmet. NAIS står for Norsk Avdeling av den Internasjonale Skyttarunion. Vi har sett saman ei side med dei reglane som gjeld pistolskyting. I dette programmet kan ein skyte for å oppnå nye medaljer år for år. På resultatlista tel det beste resultatet oppnådd i kvart kalenderår.

Klubben har kjøpt inn merker og medaljer til medlemar som klarer krava. Regelen er at merka betalar klubben for og medaljer og stjerner betalar medlemane sjølve for.

Prisane for premier i 2017 er:
Bronsemerke: 0,-
Sølvmerke: 0,-
Gullmerke: 0,-
Bronsemedalje: 160,-
Sølvmedalje: 170,-
Gullmedalje: 170,-
Emaljestjerne bronse: 110,-
Emaljestjerne sølv: 120,-
Emaljestjerne gull: 120,-

Formannen vil ta med merker og medaljar for sal på nokre av skyteøvingane. Utanom dei øvingane kan medlemar sjølve ta kontakt.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS