Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

NAIS-skyting i 2016

nais_medaljer.jpg

Vi sette også i 2016 av organiserte skyteøvingar på kulturhuset til NAIS programmet. Fyrste dag var fredag 25. november og siste dag var mandag 19. desember. NAIS programmet har halvparten så mange seriar som dei vanlege programma og vi skyt berre på duellskivene. Resultata blir registrerte på ei eiga liste for dette programmet. Her tel det beste resultatet oppnådd i kvart år. Vi oppmoda alle medlemar om å møte opp og skyte også dette programmet i 2016.

Starten på skyteøvingar med NAIS programmet var planlagt slik fordi vi arrangerte ein konkurranse som inneheld det programmet den 3. desember. Nokon av oss hadde truleg fordel av å øve på programmet før konkurransen tek til :-)

Endeleg eit programm der vi kan skyte på dei store skivene med nok tid. Programmet NAIS er ei blanding av seriane i Standardpistol og Finpistol og består av 2 seriar med 150 sekund skytetid, 2 duellseriar, 1 serie med skytetid 20 sekund og 1 serie med 10 sekund.

NSF har sett opp reglane for NAIS-programmet. NAIS står for Norsk Avdeling av den Internasjonale Skyttarunion. Vi har sett saman ei side med dei reglane som gjeld pistolskyting. I dette programmet kan ein skyte for å oppnå spesielle merker og medaljer år for år. Klubben har kjøpt inn merker og medaljer. Regelen er at merka betalar klubben for og medaljer betalar medlemane sjølve for.

Prisane for medaljer i 2016 er slik:
Bronsemedalje: 140,-
Sølvmedalje: 150,-
Gullmedalje: 150,-
Emaljestjerne bronse: 100,-
Emaljestjerne sølv: 110,-
Emaljestjerne gull: 110,-

Dei som har oppnådd og bestilt slike medaljar for tidlegare år kan no kjøpe medaljane sine. Formannen vil ta med medaljar for sal på nokre av skyteøvingane. Utanom dei øvingane kan medlemar ta kontakt.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS