Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Feltskyting mai og juni 2015

ØVPK arrangerte øving i feltskyting for handvåpen i Sollidalen i mai og juni 2015. Deretter var det sommarferie frå øvingar i juli. Vi hadde med klubbvåpen og litt amunisjon for salg, slik at alle medlemar kunne delta. Siste dagen før sommarpausa var mandag den 29. juni. Resultatlista frå siste kvelden er klar. Resultat frå tidlegare klubbstemner er i menyen under Resultatlister og 2015.

Dette året var det avstemming om dagar for desse kveldane på klubben si facebook-gruppe. Avstemminga viste den 24.5.: Mandag 9, tysdag 4, onsdag 6, torsdag 4, fredag 4, laurdag 0 og søndag 0 stemmer. Dette tolkar vi slik at dei aktive medlemane ynskjer forskjellege dagar og slik blir det i mai og juni. Unntaket er torsdagen, som blir brukt som øvings-/konkurransedag for svartkruttskyttarar.

Feltskyting mai og juni 2015

Dag          Kl    Type skyting   Ansvarlege vakter
Man 25/5  17  Øving Are og Jon Erling
Tys   2/6  18 Klubbstemne Atle og Tor
Ons 10/6 18 Øving Dag Ola og Stig 
Ons 17/6 18 Klubbstemne Jon Erling og Egil
Fre 26.6 18 Øving Mass og Eirik
Man 29/6 18 Klubbstemne Morten og Didrik 

Det var sett opp forslag om Øving og Klubbstemne annankvar veke. Tidlegare har det vore slik at Øving tyder skyting frå klubbhuset mot blinkar på plassen. Under klubbstemne har det vore fleire standplassar, definert løype og vi har laga resultatliste. Dette året kjøpte vi inn blinkar for NorgesFelt. Blinkane er klare til bruk og vi kan nytte det konseptet på klubbstemner. Dersom dei frammøtte ein kveld vil arrangere klubbstemne i staden for øving, so gjer dei det.

Dei to vaktene henta klubbvåpen, amunisjon og klubbkofferten hos Atle, møtte fram før tida, var leiarar for øvinga/stemnet og ansvarlege for sikkerheita.

Denne våren var det fleire som var villige til å være vakter, enn det var behov for :-) Alle vaktene har vore kontakta før dei blei sette opp på lista. Dersom ei vakt ser at tida likevel ikkje passar, er vakta ansvarleg for å avtale at nokon andre møter i staden. Sjå telefonlista under.

Dersom det møter mange medlemar ein stemnekveld, kan vaktene sette begrensningar for å fordele startane på dei frammøtte utan at ein held på til midnatt. Vi har til dømes praktisert maks 2 startar per skyttar nokre gongar tidlegare. Det er anbefalt at medlamane betalar 20,- per start ved klubbstemner for å dekke noko av kostnaden til blinkar. Hugs å skrive startkontingenten på resultatlista.

Telefonliste vakter

Namn Telefon
Are Berg 9010 5647
Atle Eikrem 4169 1196
Dag Ola Myklebust 9159 0918
Didrik Morits Hallstrøm  9363 1757
Egil Åslid 9762 8055
Eirik Tjugen 4110 2774
Jon Erling Clementsen 9714 2872
Mass Langvatn 9822 2277
Morten Lien 9797 5706
Stig Løset 4193 1229
Tor Sætre 9545 5665
   

 

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS