Skyteøvingar april 2022

April er siste månaden med trening inne på kulturhuset før sommaren. I mai startar treningane i Sollidalen.
Skyteøvingar februar 2022

NB: Hald deg heime om du ikkje føler deg frisk eller har feber
Skyting på Ørsta kulturhus

Vi startar oppatt skytinga på kulturhuset fra og med mandag 05 oktober kl 18:00
Skyteøvingar/vintercup april og mai 2021

Skytetidene er mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20.
Sidan det så langt i år ikkje har vore arrangert sikkerheitskurs for nybyrjarar, vert treningstida til nybyrjarane på tirsdagar kl 20:00 i tida fram til nytt kurs tek til nytta til silhuettskyting.
GENERELLE TRENINGSTIDER
VINTERHALVÅRET (1.10. - 30.4.)
Bana på Ørsta kulturhus:
Måndag 18-22 (18-20 vintercup, 20-22 luftpistol, 22-00 silhuett)
Tirsdag 20-22 (nybegynnarar, årets kurs)
Fredag 20-22
Sjå deltajar i artikkel på framsida.
SOMMARHALVÅRET
Bana i Sollidalen:
Øvingar/klubbkonkurransar slik det framgår av startsida her eller på klubben si facebook-gruppe.
Medlemmar i ØVPK kan (mot depositum) få nøkkel til bana i Sollidalen. Med eigne våpen og amunisjon kan ein då trene når ein vil så lenge bana er open. Hugs å heise flagget 15 min før skyting!
Bana i Sollidalen er open alle dagar untatt 1. juledag, 1. nyttårsdag, 1. påskedag og 1. pinsedag. Bana er også stengd søndagar før kl 12.
Oppmoding til alle som nyttar bana: forlat den i minst like ryddig stand som når du kom! Og hugs å skriv namnet ditt i baneprotokollen!
På treningskveldar sel klubben ammunisjon i kaliber .22 til medlemar. Vi sel merket CCI standard og prisen er kr 40,- for ein pakke a 50 skot og kr 350,- for ein pakke a 500 skot.
Skyteøvingar sommaren 2018

Det blir organisert skyteøving i Sollidalen onsdag den 12. september. Det blir vakter/trenarar til stades frå kl 17:30 og framover. Vi oppmodar både dei som gikk sikkerheitskurs i vinter og meir erfarne pistolskyttarar om å møte opp. Er du usikker på kvar Sollidalen er, sjå eige menyval her på ovpk.org
Skyteøvingar Ørsta kulturhus vinter/vår 2018

Skyteøvingane for klubben sine medlemar i kjellaren av Ørsta kulturhus vinter/vår 2018 tek til onsdag og varer til fredag den 27. april. Skytetidene er mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. No nytta vi også onsdagane frå kl 19 som ein øvingskveld. Dei dagane har dei som deltok på sikkerheitskurs haust/vinter 2017 prioritet. Dei elektroniske skivene fungerer som dei skal - og ventar på oss ....
NAIS-skyting i 2017

Frå 11. til 18. desember 2017 var vi tilbake til å skyte NAIS-programmet på skyteøvingane mandag og fredag fram mot jul. Vi hadde skote dette programmet tidlegare i år og mange hadde treft godt. Resultata blei registrert på ei eiga liste for dette programmet. Lista er også under menyvalet Resultatlister. Vi oppmoda alle medlemar om å møte opp og skyte også dette programmet i 2017.
Fleire skyteøvingar med trenar til stade

Vi held fram med skyteøving med trenar(ar) nokre mandagar etter programskytinga - frå ca kl 19. Neste gong blir mandag 4. desember. Vel møtt til motiverte pistolskyttarar.
På slike øvingar i okober merka fleire av dei frammøtte framgang av slik skyteøving med trenar.
Skyteøvingar med trenar | |||
Dag | Dato | Klokka | Trenarar |
Mandag | 27.11. | 19:00 | Arnstein og Are |
Mandag | 4.12. | 19:00 | Arnstein og Are |
Mandag | 11.12. | 19:00 | Arnstein og Are |
Skyteøvingar Ørsta kulturhus hausten 2017

Skyteøvingane for klubben sine medlemar i kjellaren av Ørsta kulturhus hausten 2017 har starta og varer til mandag den 18. desember. Skytetidene er mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. I oktober er det skyteøving med trenar(ar) til stades onsdagane frå kl 19. Vi oppmodar også dei som gikk sikkerheitskurs vinteren som var, om å delta på alle desse øvingane. Dei elektroniske skivene fungerer som dei skal - og ventar på oss ....
Organiserte treningstider i oktober for dei som ville bli betre pistolskyttarar
Onsdagane i oktober blei nytta til skyteøving på Ørsta kulturhus med trenar(ar) til stades. Desse kveldane var tenkte for medlemar som var motiverte til å drøfte og justere på det dei skjølve gjer når dei skyt for å treffe blinken. Vi oppmoda både begynnarar og meir røynde pistolskyttarar om å møte fram desse dagane.
Organiserte aktivitetar i Sollidalen i 2017

Takk til alle som deltok på ØVPK sine aktivitetar i Sollidalen i 2017.
.
Skyteøvingar på Ørsta kulturhus vinter/vår 2017

Skyteøvingane i kjellaren av Ørsta Kulturhus våren 2017 er no ferdig avvikla. Siste øvingsdag var fredag 28. april. Øvingstidene var som før: mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. No nytta vi også onsdagane frå kl 19 som ein øvingskveld. Den dagen hadde dei som deltok på sikkerheitskurs haust/vinter 2016 prioritet.
NAIS-skyting i 2016

Vi sette også i 2016 av organiserte skyteøvingar på kulturhuset til NAIS programmet. Fyrste dag var fredag 25. november og siste dag var mandag 19. desember. NAIS programmet har halvparten så mange seriar som dei vanlege programma og vi skyt berre på duellskivene. Resultata blir registrerte på ei eiga liste for dette programmet. Her tel det beste resultatet oppnådd i kvart år. Vi oppmoda alle medlemar om å møte opp og skyte også dette programmet i 2016.
Skyteøvingar Ørsta kulturhus hausten 2016

Skyteøvingane i kjellaren av Ørsta kulturhus hausten 2016 varte frå 10. oktober til 19. desember. Skytetidene var mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. Vi oppmoda også dei som gikk sikkerheitskurs før sumaren om å delta på desse øvingane. Dei elektroniske skivene fungerte som dei skulle - og venta på oss ....
Organiserte skyteøvingar i Sollidalen 2016

Vi er i gang med organiserte skyteøvingar/klubbstemner i Sollidalen.
Alle medlemar kan delta på desse øvingane. Vaktene tek med klubbvåpen og litt ammunisjon til dei som ikkje har kjøpt sitt eige våpen. Vi oppfordrar spesielt dei som gikk begynnar-/sikkerheitskurs i vinter/vår til å delta på dette.
Dag | Klokka | Vakter | ||
onsdag | 18. | mai | 18 | Dag Ola og Stig |
fredag | 27. | mai | 18 | Are og Kim Ole |
fredag | 3. | juni | 18 | Eirik og Mass |
fredag | 10. | juni | 18 | Jon Erling og Svein Arve |
fredag | 9. | sept | 18 |
Resultata frå klubbstemnet den 10. juni viser 4 deltakarar og 5 startar. Desse og andre skyteresultat finn de under Resultatlister og 2016
Skyteøvingar på Ørsta kulturhus vinter/vår 2016

Skyteøvingane i kjellaren av Ørsta Kulturhus er i gang og held fram til onsdag 27. april. Øvingstidene er som før: mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. No nyttar vi også onsdagane frå kl 19 som ein øvingskveld. Den dagen har dei som deltok på sikkerheitskurs haust/vinter 2015/2016 prioritet. Onsdagsøvingane held fram ut mai. Vel møtt til alle medlemar. Dei elektroniske skivene ventar på oss .....
Vidaregåande kurs i pistolskyting

ØVPK arrangerte vidaregåande kurs i pistolskyting for våre medlemar laurdag den 20. februar 2016. Målet var at deltakarane skulle bli betre til å treffe blink. Vi er så heldige at Vlad Sacaleanu ville halde kurset. Kurset var gratis for deltakarane og blei halde på engelsk. Påmeldingsfrist var 15. februar.
NAIS-skyting 2015
Vi hadde også i 2015 organiserte skyteøvingar på kulturhuset med NAIS programmet. Siste dag var mandag 21. desember. Mange som skaut NAIS programmet, traff betre enn dei gjorde i 2014 og dei fleste har klart årets krav til premie. Her er årets resultatliste. Takk til alle som deltok i organiserte skyteøvingar i 2015.
Skyteøvingar Ørsta kulturhus hausten 2015
Skyteøvingane i kjellaren av Ørsta kulturhus blei avslutta mandag 21. desember. Skytetidene var mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. Dei elektroniske skivene fungerte framleis som dei skulle ....
12Neste |