SVARTKRUTTGRUPPA I ØVPK
Svartkruppgruppa i ØVPK har treningar og arrangerer stemne i greinene som er administrert av Norsk Svartkruttunion. For å bli medlem i gruppa må du først vere medlem i Ørsta/Volda Pistolklubb og i tillegg melde deg inn i svartkruttgruppa (200,- ekstra i året - går til NSU). Sidan ØVPK er ein pistolklubb, så er det handvåpenprogramma til NSU som står i fokus, men ØVPK vil også ha svartkruttskyting med gevær på programmet.
Svartkruttgruppa har no 8 medlemmer, men vi vil gjerne bli fleire! Ta kontakt med Sven-Tore Verstad for meir informasjon.
Svartkruttstemne i Sollidalen søndag 13.5.2012
Svartkruttgruppa arrangerte approbert stemne i svartkruttskyting i Sollidalen søndag 13.5. kl. 10.00. Det var 15 startar, for første gong arrangerte vi også stemne for svartkruttrifle. Lenkje til resultata er også i menyen.
Svartkruttfelt søndag 19.6.

Svartkruttgruppa i ØVPK arrangerte søndag 19.6.2011 for første gong feltstemne for svartkruttvåpen. Det vart konkurrert i to klasser; perkusjonsrevolvar og patronrevolvar. Det var 6 startar i nydeleg sommarver. RESULTATLISTE
RESULTAT SVARTKRUTTSTEMNE I TRONDHEIM 5.9.
Trondhjem PK arrangerte svartkruttstemne søndag 5.9. Sven-Tore Verstad frå ØVPK deltok. Det vert meldt at han var uheldig med ei lita kjedeantenning i perkusjonsrevolvaren. RESULTATLISTE
DEMONSTRASJON SVARTKRUTTRIFLE
Ralph Sommerfeld frå Sandnes skyttarlag deltok på svartkruttstemnet vårt i pistol 2.5. Han hadde også med seg to svartkruttrifler, ei perkusjonsrifle og ei flintlåsrifle. Desse riflene fekk vi demonstrert og Ralf lånte velvilleg ut for prøveskyting. Kanskje det på ØVPK sine stemner neste år også vert rifle på programmet?
RESULTAT OG FOTO FRÅ SVARTKRUTTSTEMNET 2. MAI 2010

ØVPK arrangerte stemne i svartkrutt for første gong søndag 2.5.2010. Arrangementet gikk greit og det var 12 startar. RESULTAT.
SVARTKRUTTSTEMNE I SOLLIDALEN I 2. MAI

Svartkruttgruppa i ØVPK arrangerer for første gong approbert stemne for svartkruttvåpen. Datoen er 2. mai. Det vert berre skyting for pistol/revolvar på 25 meter. Programmet går etter reglane frå Norsk Svartkruttunion (NSU). 13 skot mot presisjonsskiva, dei 10 beste er teljande. Svartkruttgruppa i ØVPK har no 8 medlemmar. Konkurransereglement frå NSU finn du her.