Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Utfylling av søknad om tillatelse til å kjøpe og eige handvåpen

Når ein vil kjøpe våpen, har vore medlem i 6 månadar og minst like aktiv som kravet, kan ein be om stadfesting frå formannen. Med stadfestinga i handa er det tid for å besøkje det lokale lensmannskontoret og få utlevert like mange søknadsskjema som talet på våpen ein vil søke om.

Skjemaet har mange felt for utfylling fordi det skal nyttast i fleire prosessar; Først søknad om lov til å kjøpe og eige våpen, deretter får søkjaren skjemaet tilbake i innvilga stand. Når søkjaren vel å kjøpe eit våpen, skal det innvilga søknadsskjemaet leverast til seljaren som fyl inn meir opplysningar om våpenet ein kjøper. Seljaren deler så skjemaet og kopiane frå kvarandre; beheld ein kopi sjølv, leverer ein kopi til kjøparen og to kopiar til politiet saman med våpenkortet sitt. Politiet brukar så dei to kopiane av søknadsskjeamet til å føre inn i registeret at kjøparen er ny eigar av våpenet, fyl ut permanent våpenkort og sender det til den nye våpeneigaren.

Slik fyl ein ut skjemaet når ein skal søke om lov til å kjøpe og eige våpen:

Spm: Til politimeisteren i . Svar: Møre og Romsdal

I den neste delen skal ein fylle inn eigne personalia.

Under teksten [Våpen/type våpendel], fyller ein ut Pistol eller Revolver

Under [Kaliber] fyl ein ut kaliberet ein søkjer om.

Pipelengde, Fabrikkmerke, Modellnemning og Nummer treng ein normalt ikkje fylle ut før ein søkjer.

I neste rute står fire spørsmål:
- Vert det søkt om.: Helautomatisk våpen? Svar: Nei
- Halvautomatisk våpen? Svar Ja. Våpenet er halvautomatisk når ein etter eit skot kan trekke av på nytt og det kjem eit nytt skot.
- Våpen godkjend til jakt? Svar: Nei. Ingen pistolar eller revolverar er godkjende til jakt.
- Vert det søkt om våpentypar som maskingevær, karabin eller maskinpistol (herunder også våpen i halvautomatisk utføresle) ? Svar: Nei.

Spørsmål: Våpenet skal nyttast til: Svar: Øvelse og konkurranseskyting.

Fyll ut om du deltek/tenkjer å delta på trening og stemner.

Er søkjaren innført i jegerregisteret? Her kan ein fylle ut jegernummeret, men dette er ikkje avgjerande for å eige handvåpen (som likevel ikkje skal nyttast til jakt).

Under overskrifta [Medlemskap i skyttarlag/klubb] skriv de «Ørsta/Volda Pistolklubb». Stadfestinga frå klubben stadfestar også at vi er medlemar, så medlemskort treng ikkje leggast ved søknaden.

Dei som har våpenkort frå før, fyller ut informasjon om det kortet.

Spm: Tilknyting til godkjend skyttarorganisasjon. Svar: Norges Skytterforbund.

Spm: Eg har våpna mine i FG-godkjend våpenskap. Svar: Ja. Alle som eig våpen skal oppbevare dei, eller ein vital del i eit FG-godkjent våpenskap. Dersom ein ikkje har slikt skap, blir det å kjøpe slikt skap ein del av investeringa med å kjøpe seg våpen. 

Spm: Oppbevaringsstaden har FG-godkjend innbrotsalarm med overføring til alarmsentral. Svar ja dersom du har og Nei dersom ikkje. Når ein får mange våpen blir dette eit krav.

Stad, dato og innsendaren sin signatur - Ferdig !

Utfylte søknadar skal leverast inn ved det lokale lensmannskontoret saman med stadfestinga frå klubben.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS