Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Krav før ein kan kjøpe og eige handvåpen -> Stadfesting

Kvar gong nokon vil søke om løyve til å kjøpe og eige handvåpen, krev politiet ei stadfesting på medlemskap og aktivitet frå ein godkjend pistolklubb. Her fyl meir detaljerte opplysningar om desse krava.

Det er to krav som må vere oppfylt; Medlemskap og aktivitet;

ØVPK er ein godkjend pistolklubb og medlemar veit sjølve om dei har vore medlem i seks månadar og dei tillitsvalde ser det i medlemsregisteret.

Kravet til aktivitet er omtala i politiet sitt rundskriv om behandling av våpensøknadar. Detaljane om aktivitet står på side 26 i dokumentet. ØVPK fyl inndelingane frå politiet ved utfylling av stadfestingar:

Begynnaren
har ikkje eigne handvåpen og deltek på klubben sitt opplæringstilbod. Aktivitetskravet for kjøp av våper er 2-3 oppmøter på banen kvar månad i løpet av eit halvt år.

Rekreasjonsskyttaren
skyt frå tid til anna. Beskjeden aktivitet. Aktivitetskravet for å kjøpe og eige handvåpen er 4 frammøter på bana kvart år. Skyttarar i denne kategorien kan kjøpe og eige opp til fire handvåpen.

Mosjonsskyttaren
har høgare aktivitetsnivå og deltek regelmessig i klubben sine stemner og nokre gongar på approberte stemner. Aktivitetskravet her er 2 - 3 gongar på bana kvar månad, men sesongavhengig. Skal delta på minst fire approberte stemner kvart år. Skyttarar i denne kategorien kan kjøpe og eige eit handvåpen for kvart bruksområde i NSF.

Konkurranseskyttaren
trenar mykje og er aktivt med i interne og approberte stemner. Aktivitetskravet her er 2 - 3 gongar på bana kvar månad og har minst 10 startar i konkurransar kvart år. Fem av startane må være approberte stemner. Skyttarar i denne kategorien kan kjøpe og eige tilleggs/reservevåpen for kvart bruksområde med nok aktivitet.

For at frammøta skal kunne dokumenterast til ei stadfesting, krev klubben at medlemmane skriv seg i baneprotokollen ved kvart oppmøte. Stemnedeltaking må dokumenterast med å legge resultatlister ved søknaden til politiet.

Når ein medlem fyller krava til eit av aktivitetsnivåa over, kan klubben fylle ut eit dokument som stadfestar medlemskap og aktivitet. I ØVPK er det formannen som fyller ut stadfestingsdokumentet. Ta kontakt når du oppfyller krava og vil til å søkje om våpen.

Når ein står med «verdipapiret» stadfesting på aktivitet frå klubben, treng ein å besøke lensmannskontoret for å få skjema for å søke etter våpentillatelse. Hjelp til utfyllinga av søknaden står i artiklen «Utfylling av søknad om tillatelse til å kjøpe og eige handvåpen».

Det har vist seg at stadfestingar er ferskvare. Ein bør sende søknaden til politiet innan nokre veker frå stadfestingsdatoen. Søker ein for seint, må ein i gang med ny vurdering av aktivitet før ny stadfesting kan skrivast.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS