Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Utfylling av søknad om tillatelse til å kjøpe og eige handvåpen

Når ein vil kjøpe våpen, har vore medlem i 6 månadar og minst like aktiv som kravet, kan ein be om stadfesting frå formannen. Med stadfestinga i handa er det tid for å besøkje det lokale lensmannskontoret og få utlevert like mange søknadsskjema som talet på våpen ein vil søke om.

Skjemaet har mange felt for utfylling fordi det skal nyttast i fleire prosessar; Først søknad om lov til å kjøpe og eige våpen, deretter får søkjaren skjemaet tilbake i innvilga stand. Når søkjaren vel å kjøpe eit våpen, skal det innvilga søknadsskjemaet leverast til seljaren som fyl inn meir opplysningar om våpenet ein kjøper. Seljaren deler så skjemaet og kopiane frå kvarandre; beheld ein kopi sjølv, leverer ein kopi til kjøparen og to kopiar til politiet saman med våpenkortet sitt. Politiet brukar så dei to kopiane av søknadsskjeamet til å føre inn i registeret at kjøparen er ny eigar av våpenet, fyl ut permanent våpenkort og sender det til den nye våpeneigaren.

Slik fyl ein ut skjemaet når ein skal søke om lov til å kjøpe og eige våpen:

Etter innlevert søknad

Etter at vi har levert inn eit utfyld søknad til politiet, tek sakshandsaminga i politiet til. Det lokale lensmannskontoret uttalar seg om søkjaren sin vandel på blanketten og sender søknaden til våpenkontoret. For dei fleste på Sunnmøre er våpenkontoret i Ålesund. Der sjekkar dei søknaden og vedlegga og om søkjaren fyller krava til å eige våpen. Etter det sender politiet eit svar på våpensøknaden. Behandlingstida varierer frå ei veke til fleire månadar.

Skulle det vere manglar eller svakheiter med søknaden, tek våpenkontoret i mange tilfeller kontakt med søkjaren for å avklare situasjonen eller be om meir dokumentasjon.

Når søknaden er innvilga, får søkjaren eit brev der politiet ber om at gebyret for våpensøknaden blir innbetalt til ein bankkonto. Nokre dagar etter at beløpet er betalt, kjem Verdipapiret innvilga søknad i posten til søkjaren.

Kjøp av våpen

Når ein har ein innvilga søknad eller tillatelse til å kjøpe og eige våpen, kan ein gå til ei våpenforretning og kjøpe våpenet. Det er også mogeleg å kjøpe våpen brukt frå ein privatperson - f.eks. etter ei annonse på finn.no. Ein innvilga søknad gjeld i 12 månadar.

Når kjøparen har valt våpen skal seljaren fylle ut detaljar om våpenet nede på den innvilga søknaden. Skjemaet skal deretter delast opp i original og kopiar. Den blå kopien er kjøparen sitt midlertidige våpenkort til det permanente kortet kjem. Den gule kopien skal seljaren behalde. Originalen og den rosa kopien skal sendast til politiet saman med seljaren sitt våpenkort.

Etter at politiet har fått søknaden tilbake med seljaren si påføring, gjer dei nokre kontrollar før dei fyl ut og sender det permanente våpenkortet til søkjaren/kjøparen. I denne fasen har søkaren våpenet sitt og gyldig våpenkort. Våpenkontoret prioriterer ofte å behandle nye søknadar før dei sender ut permanente våpenkort, så det kan ta fleire månadar før det permanente våpenkortet kjem.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS