Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Reglar for informasjon på heimeside

hjemmesideregler.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb sin heimeside på Internett (sida) skal vere organisert på ein oversiktleg måte. Sida skal gi informasjon om klubben sine tilbod og sikre innsyn og openheit om klubben si drift. Meiningar som eventuelt blir formidla på sida, skal vere klubben sine meiningar.

Sida med undersider skal minst innehalde

  • Oppdatert informasjon om aktivitetar som klubben skal arrangere og har arrangert
  • Oppdatert oversikt over tillitsvalde i klubben med kontaktinformasjon
  • Opplysningar som er nyttige for drifta av klubben
  • Fast informasjon til medlemar som er nye i sporten/klubben

Formannen i klubben har det overordna redaktøransvaret for sidene, mens andre medlemar skal få opplæring og tilgang til å legge til og oppdatere informasjon/nyheitssaker etter behov.

Ved justering/nyregistrering av tekstar gjeld

  • Tekst på sida skal vere på norsk
  • Kvar nye artikkel bør ha eit bilete som illustrerer bodskapen høgt oppe i artikkelen
  • Lenkjer bør utformast som ein naturleg del av ei setning
  • Klubben si gruppe på facebook skal brukast til å fortelje medlemar om artiklar på heimesida. Gjerne slik at heimesida inneheld meir detaljert informasjon om aktivitetar enn det som blir skrive på facebook

Desse reglane blei vedtekne av styret i ØVPK i juni 2016.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS