Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Nye medlemar til klubben

Det er to måtar å bli medlem i Ørsta/Volda Pistolklubb. Ein kan:

  • dokumentere fullført sikkerheitskurs for pistolskyting frå pistolklubb eller
  • ha våpenkort på handvåpen etter stadfesting frå pistolklubb og ha delteke på ØVPK sitt oppfriskingskurs for nye medlemar.

Klubben arrangerer både Sikkerheitskurs og Oppfriskingskurs. Ta kontakt med formannen om du er interesert i å bli med på moroa.

Etter diskusjon på årsmøtet i 2017 har styret utarbeidd reviderte reglar for å ta inn nye medlemar. Ein annan viktig faktor er at Skyttarforbundet sentralt har reglar som seier at Klubben er ansvarleg for sikkerheitskunnskapen til nye medlemar.

Styret diskuterte saka internt, involverte medlemar utanfor styret og vedtok reglar for å ta inn nye medlemar i juni 2017.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS