Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Medlemskategoriar i ØVPK

Ørsta/Volda Pistolklubb har forskjellige kategoriar av medlemskap og kategoriane har forskjellig medlemskontingent.

Meir om medlemskategoriane og -kontingent for året 2018 ved å utvide artiklen.

Hovudmedlem
Alle over 21 år og som ikkje er hovudmedlem i ein annan pistolklubb eller utnemd som æresmedlem, blir hovudmedlem i denne klubben. Kontingent kr 800,-

Sidemedlem
Dersom ein er hovudmedlem i ein annan pistolklubb og den klubben betalar avgift til Norges skytterforbund og Møre og Romsdal Skytterkrets kan ein vere sidemedlem i ØVPK. ØVPK betalar då ikkje krets- og forbundskontingent for medlemen. Forskjellen i kontingent svarar til det som blir betalt til dei overordna organa slik at klubben får den same inntekta frå hovudmedlemar og sidemedlemar. Kontingent kr 440,-

Ungdom/junior
Dei som er under 21 år blir ungdomsmedlemar. Klubben treng ikkje betale forbunds- eller kretskontingent for slike medlemar. Kontingent kr 300,-

Æresmedlem
Dei som er æresmedlemar betalar berre forbunds- og kretskontingenten som klubben betalar vidare. Kontingent kr 360,-

Svartkrutt
ØVPK har ein avtale med Norsk Svartkruttunion om at våre medlemar kan vere medlem i Svartkruttunionen gjennom pistolklubben. Avtalen er at pistolklubben krev inn kontingenten for medlemskapet i Svartkruttunionen frå medlemane og betalar beløpet vidare til unionen. Årlig kontingent i tillegg til den ordinære kontingenten til klubben: kr 200,-

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS