Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2017

ovpk_aarsmote.jpg

Det var årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 17. februar 2017. Sakliste og sakspapir var publiserte i forkant av møtet.

Referatet etter årsmøtet syner at vi fekk ny logo, justert lov og organisasjonsplan på dette årsmøtet.

Fleire prosjekt er med i det vedtekne budsjettet for 2017:

Ørsta kulturhus:
• Ny standplass
• Oppgradering av rom ved standplass
• Golvvaskemaskin
• Innertak over skytebana

Sollidalen:
• Rås mellom standplassar
• Utvendig måling av skyttarhuset

• Sende medlemar på trenarkurs
• Hente hit ein dyktig pistolskyttar for å halde kurs for oss

Forslaga på tillitsvalde frå valkomiten og styret blei einstemmig godkjende utan motkandidatar og «kampvotering». 

Møtet inneheld ein pause der det blei servert pizza og brus.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS