Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2016

ovpk_aarsmote.jpg

Det var årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 19. februar 2016. Innkalling samt forslag til lov og organisasjonsplan var publiserte i forkant av møtet.

Referatet syner at årsmøtet dette året mellom anna vedtok ny lov for klubben inkludert reglar for tildeling av æresmedlemskap og ein organisasjonsplan. Årsmøtet justerte begge framlegga frå styret.

Styret foreslo fleire prosjekt i budsjettet for 2016:

Ørsta kulturhus:

  • Toalett
  • Benk bak standplass
  • Ny standplass
  • Oppgradering av rom ved standplass
  • Klubbvåpen
  • Golvvaskemaskin

Sollidalen:

  • Bru og rås mellom standplassar
  • Lydanlegg

Budsjettet og alle prosjekta blei vedtekne.

Forslaga frå valkomiten blei godkjende utan motkandidatar og «kampvotering». Møtet valde ny formann og dette er truleg den fyrste gongen vi har ei dame med i klubben sitt styre.

Møtet inneheld ein pause der det blei servert pizza. 

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS