Medlemskontigent 2022

Der er no sendt ut faktura på medlemskontigent for 2022. Hvis den ikkje dukker opp i epost så sjekk søppelkorga, den kan bli merket som søppelpost. Faktura er også sendt på sms til dei som har registrert mobilnummer.
Fakturaen finn du også på Min idrett, og du kan betale der.
Vennligst husk å benytte KID om du betalar i nettbanken.
Lovverket i klubben
Gjeldande Lov for Ørsta/Volda Pistolklubb vart vedteken av årsmøtet i 2016 og justert i 2017. Lova var godkjend av Møre og Romsdal Idrettskrets i 2017.
Organisasjonsplan for klubben slik den vart vedteken av årsmøtet i 2020.
Her er lova som var gjeldande fram til årsmøtet den 19. februar 2016
STYRET OG TILLITSVALDE
Denne artiklen syner styret og andre tillitsvalde i klubben etter årsmøtet 28 mars 2022
Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb 2020

Det vart halde årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 6 mars 2020. Sakliste og sakspapir var publiserte i forkant av møtet.
Referatet syner at 22 medlemmar med stemmerett møtte (23 møtte totalt) og på møtet var det diskusjonar rundt klubbens logo der årsmøtet bestemte at vi skal gå tilbake til å nytte den "gamle" logoen, samt nødvendige reparasjonar og opprusting av skytebana i Sollidalen.
Vinnaren av vintercupen 2018/2019 var ikkje til stades på årsmøtet, og det vart difor ikkje delt ut vandrepokal. Vinnaren får denne ved ei seinare anledning.
Innkalling til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2020

Styret kallar inn til ordinært årsmøte på pauserommet bak bana i Ørsta kulturhus fredag den 6. mars 2020 klokka 19:00.
På agendaen så langt står dei vanlege årsmøtesakene. Medlemar blir oppmoda om å melde inn andre saker dei ynskjer behandla til styret ved formannen. Fristen for dette er torsdag 20. februar.
Det blir enkel servering på møtet.
Vel møtt til årsmøte !
Innkalling til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2020

Styret kallar inn til ordinært årsmøte på pauserommet bak bana i Ørsta kulturhus mandag den 28. Juni 2021 klokka 19:00.
Om smittevernreglane på møtedatoen ikkje tillet at vi samlast i lokalet på skytebana, kan møtestad verte endra på kort varsel.
Nye medlemar til klubben
Det er to måtar å bli medlem i Ørsta/Volda Pistolklubb. Ein kan:
- dokumentere fullført sikkerheitskurs for pistolskyting frå pistolklubb eller
- ha våpenkort på handvåpen etter stadfesting frå pistolklubb og ha delteke på ØVPK sitt oppfriskingskurs for nye medlemar.
Klubben arrangerer både Sikkerheitskurs og Oppfriskingskurs. Ta kontakt med formannen om du er interesert i å bli med på moroa.
Medlemskategoriar i ØVPK
Ørsta/Volda Pistolklubb har forskjellige kategoriar av medlemskap og kategoriane har forskjellig medlemskontingent.
Meir om medlemskategoriane og -kontingent for året 2018 ved å utvide artiklen.
Reglar for informasjon på heimeside

Ørsta/Volda Pistolklubb sin heimeside på Internett (sida) skal vere organisert på ein oversiktleg måte. Sida skal gi informasjon om klubben sine tilbod og sikre innsyn og openheit om klubben si drift. Meiningar som eventuelt blir formidla på sida, skal vere klubben sine meiningar.
Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2019

Det vart halde årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 8 mars 2019. Sakliste og sakspapir var publiserte i forkant av møtet.
Referatet syner at 26 medlemmar møtte og på møtet var det diskusjonar rundt klubbens logo, samt nødvendige reparasjonar og opprusting av skytebana i Sollidalen.
Av premiering vart det på årsmøtet delt ut vandrepokal til vinnaren av vintercupen 2017/2018.
Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2018

Det var årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 16. februar 2018. Sakliste og sakspapir var publiserte i forkant av møtet.
Møtet inneheld engasjerte debattar og vedtak om Klubbrekordar, Låsesystem for bana i Sollidalen og Vintercupen.
Referatet etter årsmøtet syner også at det blei delt ut premiar til dei som fullførte vintercupen 2016/2017 og ein vandrepokal til vinnaren.
Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2017

Det var årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 17. februar 2017. Sakliste og sakspapir var publiserte i forkant av møtet.
Referatet etter årsmøtet syner at vi fekk ny logo, justert lov og organisasjonsplan på dette årsmøtet.
Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2016

Det var årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 19. februar 2016. Innkalling samt forslag til lov og organisasjonsplan var publiserte i forkant av møtet.
Referatet syner at årsmøtet dette året mellom anna vedtok ny lov for klubben inkludert reglar for tildeling av æresmedlemskap og ein organisasjonsplan. Årsmøtet justerte begge framlegga frå styret.
Utviklinga i kontingenten i Ørsta / Volda Pistolklubb
Her viser oversikt over kva klubben har krevd inn av kontingent frå medlemane dei siste åra.
2018: 800
2017: 800
2016: 800
2015: 800
2014: 800
2013: 800
Tidlegare innkallingar/referat etter årsmøter
Årsmøte i 2015: Innkalling og referat
Årsmøte i 2014: Innkalling og referat
Årsmøte i 2013: Innkalling og referat
Årsmøte i 2012: Innkalling og referat samt årsmelding
Årsmøte i 2011; Innkalling og referat
Årsmøte i 2010; Innkalling og referat
Årsmøte i 2009; Referat
Æresmedlemmar
