Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

ROLF TOVEN KRETSMEISTER I MAGNUM I OG II

Måndag 24.5.2010 arrangerte Sykkylven PK stemne i spesialfelt med innlagt KM for Magnum I og II. Rolf Toven frå Nesset PK vart kretsmeister i begge øvingar. I Magnum II etter omskyting med Jon Arne Brekken.

RESULTAT

RESULTAT FELTSTEMNE I SOLLIDALEN TORSDAG 13.5.2010

ØVPK arrangerte feltstemne i Sollidalen torsdag 13.5. Det var 94 startar på stemnet, som vart avvikla i strålande vårver.  Rolf Toven frå Nesset PK vart stemnevinnar i finfelt og revolvarfelt, Morten Lien frå ØVPK vart stemnevinnar i grovfelt og Bjørnar Osnes frå ØVPK i militærfelt.

RESULTATLISTE

RESULTAT FELTSTEMNE PÅ SANDANE 16.5.2010

Sandane PK arrangerte pistolfeltstemne på Vassendemona søndag 16.5. Stemnet vart arrangert i godt skytever. Det var tre deltakarar frå ØVPK.

RESULTAT

FELTSTEMNE I LUSTER 15. MAI 2010

Luster sportsskyttarlag arrangerte stemne i pistolfelt på Vassbakken mellom Skjolden og Fortun laurdag 15.5. Her finn du nokre foto frå stemnet. Det var ei artig feltløype med fallfigurar og oppdukkarar. Stemnet vart avvikla i strålande skytever. RESULTAT.

RESULTAT SPESIALFELT FRÆNA

Eide og Fræna PK arrangerte stemne i spesialfelt på Jendem på frigjeringsdagen 8.5.2010. Arrangøren hadde laga separate løyper for spesial og magnum - flott! Og stemnet vart avvikla med sedvanlig krakelids effektivitet. Det må og nemnast at underteikna hadde fått resultatlista på e-post allereie før eg var komen heim!                                  RESULTAT

FELTSTEMNE VESTNES: DAG OLA VANN GROVFELTEN

ØVPK hadde fire deltakarar på feltstemnet på Vestnes 25.4.2010 Vi merkar oss at Dag Ola Myklebust vart stemnevinnar i grovfelt, og det første gong han skyt grovfelt på eit stemne!                     RESULTATLISTE.

KVALSVIK VANN STEMNET I STANDARDPISTOL

Pål Martin Kvalsvik frå Ålesund PK vann stemnet i standardpistol som ØVPK arrangerte på Ørsta kulturhus søndag 18.4.2010. Kvalsvik hadde resultatet 542. Nummer to vart Morten Lien frå ØVPK med 533. Det var 22 deltakarar. RESULTATLISTE.

FRÅ STEMNET I FELT OG SPESIALFELT I HØYANGER 17.4.2010

Høyanger pistolklubb arrangerte stemne i både felt og spesialfelt laurdag 17.4. Stemnet vart avvikla på Vadheim i eit ruskete ver med regn og sludd. Bjørnar var der i ni timar og skaut alle 8 øvelsane. Her er nokre foto teke i ei lita opphaldsperiode..   Resultat: FELT SPESIALFELT.

ATLE EIKREM KRETSMEISTER I HURTIG GROV i 2010

Søndag 21.3. var det KM i Hurtigpistol Fin og Grov i Molde. Atle Eikrem vart kretsmeister i Hurtig Grov med poengsummen 551. Jon Arne Brekken frå Sunndal PK tok sølv med 527. I Hurtig Fin var Odd Arne Langeland suveren med 570, Atle Eikrem tok bronse med 542. ØVPK hadde same dag også deltakarar på stemnet i Fripistol i Molde og i felt i Førde. Resultat finst i menyen til venstre.

MORTEN LIEN MED NY KLUBBREKORD I STANDARDPISTOL

morten_lien.jpg

På stemnet til Åndalsnes pk. i standardpistol 14.2.2010 sette Morten Lien ny klubbrekord med 545 poeng. Vi gratulerer!

Det høyrer med til historia at dagen før hadde Morten gått på ski til Sollidalen og måka snø av heile taket på pistolbana (stor jobb!). Så konklusjonen er at den beste treninga er å jobbe dugnad for klubben!

ERLEND VIKESTRAND FORBETRA EIGEN KRETSREKORD

erlend_vikestrand.jpg

Erlend Vikestrand (18) frå ØVPK sette ny kretsrekord i hurtigpistol fin i klasse junior menn under stemnet til ØVPK fredag 22.1.2010  Rekorden er no 555. Den gamle rekorden var på 550, og den var det også Erlend som som sette i 2009.

ATLE EIKREM KRETSMESTER OGSÅ I SILHUETTPISTOL i 2009

Atle Eikrem frå ØVPK vart kretsmeister  i silhuettpistol under KM på Vestnes 22.11. Resultatet vart 513. Sølvmedaljen gikk til Pål Martin Kvalsvik frå Ålesund PK. Jon Arne Brekken frå Sunndal PK tok bronsemedaljen med 497.

Resultatliste_KM_Silhuettpistol_22_Oktober_2009.rtf

ATLE EIKREM KRETSMEISTER I HURTIGPISTOL i 2009

atle_eikrem.jpg

Atle Eikrem frå ØVPK vart kretsmeister i Hurtigpistol fin søndag 15.11. Atle Hadde resultatet 559. Morten Lien tok bronsemedalja med 539.

151109Aalesund.pdf

ERLEND VIKESTRAND STEMNEVINNAR MED KLUBBREKORD FOR JUNIOR

Erlend Vikestrand vart stemnevinnar i stemnet i Hurtigpistol fin som Eide/Fræna skipa til søndag 11.10.2009. Erlend hadde resultatet 557. Den gamle klubbrekorden hadde Øystein H. Opedal med 543 frå 2006. RESULTAT EIDE/FRÆNA HURTIG FIN VM FIN

ATLE, SVEN-TORE OG DAG OLA KLUBBMEISTRAR i 2009

Søndag 4. oktober vart klubbmeisterskapen i feltpistol arrangert. Atle Eikrem vart klubbmeister i finfelt og grovfelt, Sven-Tore Verstad i militær og Dag Ola Myklebust i revolvarfelt. Imponerande av Dag Ola som skaut eit av dei første stemna sine!

Klubbmesterskap_04.10.09.pdf

76 STARTAR PÅ FELTSTEMNE 29.8.09

Det var god deltaking og 76 startar på feltstemnet til ØVPK i Sollidalen 29. august. Best i Finfelt vart Stig Petter rekkedal frå Bondalen Sportsskyttarklubb. Grovfelt vart vunnen av Rolf Toven. Harald Strømmegjerde vart bestemann både i revolvarfelt og i militærfelt. Vi merkar oss at unge Erlend Vikestrand frå ØVPK hadd same poengsum som vinnaren i Finfelt. Flott! Gledeleg var det også at det var heile 14 skyttarar frå eigen klubb som møtte opp denne gongen. RESULTAT

NM felt og spesialfelt i Larvik 13.-18. juli 2009

ØVPK hadde i år diverre berre ein deltakar på NM. Det var Bjørnar Osnes som stilte i 5 greiner. Han kom på premieplass i tre av dei. Resultata finst i resultatoversikta.Vi håper på betre deltaking i 2010. Då vert Spesialfelt arangert i Kristiansand 10.-11. juli. Og vanleg felt i Sandnes 14.-18. juli.

87 STARTAR PÅ FELTSTEMNET 21.5.2009

Arrangørstaben i ØVPK takkar for frammøte

Arrangørstaben i ØVPK takkar for frammøte

Det var heile 87 startar på feltstemnet til ØVPK i Sollidalen 21.5. Skyttarane var godt nøgde både med løypa og veret. Stig Petter Rekkedal vart stemnevinnar i finfelt, Bjørnar Osnes i grovfelt, Rolf Toven i revolvarfelt og Jon Arne Brekken i militærfelt.

RESULTAT FINN DU HER

FOTO FRÅ STEMNET FINN DU HER

Atle Eikrem klubbmeister i hurtigpistol I 2008

Måndag 29.12.2008 var det klubbmeisterskap i hurtigpistol (for første gong?). Atle Eikrem vart klubbmeister med 554 poeng. Det var 8 deltakarar. RESULTAT HER.

Øystein med to sølv i Nordisk meisterskap

Øystein Hjorthol Opedal vart beste mann på det norske juniorlandslaget i feltpistol under landskampen mot Sverige og Danmark. Det norske laget kom på 2. plass og Øystein fekk også sølvmedalje individuelt. Modum Pistolklubb var arrangør 23.9. Vi gratulerer!

Forhånd.1234Neste
issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS