Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Spesialfeltstemne i Sollidalen

Søndag 24. august 2014 arrangerte ØVPK stemne i Sollidalen frå kl 10. Denne dagen kunne deltakarane skyte med spesialpistolar og -revolvarar samt våpen for magnum 1 og 2. Små våpen og kraftige smell på samme dag.

Feltstemne Kristi himmelfartsdag

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte torsdag den 29. mai 2014 feltstemne i Sollidalen. Dette er vårt tradisjonelle terminfesta stemne på Kristi himmelfartsdag. I år var stemnet også kretsmeisterskap i millitærfelt og revolvarfelt og veret viste seg frå ei framifrå side for skyting. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioriterte først ved påmelding.

Resultatlista viser 126 startar og mange gode resultat. Det er veldig positivt at fleire fra ØVPK skaut godt i denne konkurransen.

Konkurranse fripistol

Den 7. desember 2013 arrangerte ØVPK terminfesta konkurranse på bana i Samfunnshuset/kulturhuset i Ørsta. Det blei konkurrert i fripistol med coltskiver som blinkar. Resultata er også lagra under menyvalet RESULTATLISTER - 2013.

Stemne spesialfelt september 2013

Søndag den 8. september 2013 arrangerte ØVPK stemne i spesialfelt i Sollidalen. Resultata viser 33 startar og mange gode skyteresultat. Takk til alle som møtte fram og deltok.

Stemne i spesialfelt betyr at ein kan skyte i klassene spesialpistol, spesialrevolvar, magnum 1 og magnum 2. Denne dagen sette vi opp halv løype, dvs 5 standplassar. To standplassar var felles for spesial og magnum. Her var det mange kraftige smell og mykje moro !

Feltstemne august 2013

ØVPK var vertskap for feltstemne i Sollidalen søndag 4. august 2013. Dagen gav mykje opphaldsver, men på slutten av dagen kom regnet. Resultata etter dagen viser mange frammøtte og 69 startar. Ikkje uventa vart Rolf Toven frå Nesset Pistolklubb vinnar i tre klasser. Vi legg også merke til at av dei 4 som klarte alle poenga i ein klasse, var to fra arrangørklubben og ein tredje har vore medlem i klubben i mange år. Takk til alle frammøtte frå nært og fjernt for deltaking og godt humør :-)

Under eit slikt feltstemne kan ein skyte i klassene finfelt, grovfelt, millitærfelt og revolvarfelt, altså fire startar på ein dag !

Vi takkar også alle medlemar som møtte fram og bidrog som standplassleiarar, klistrarar, dommar og å bemanne sekretariatet. Det er ekstra gledeleg at det deltok skyttarar som ikkje har prøvd feltskyting før. Inntrykket er at dei likte det dei opplevde.

Klubbstemne onsdag 22. mai 2013

Det var klubbstemne i feltskyting ved skytebana i Sollidalen onsdag 22. mai frå kl 18. Stemnet kom i stand etter initiativ frå ivrige skyttarar på facebook-gruppa til klubben.

Initiativtakar Dag Ola og Stig tok med klubbvåpen og amunisjon. Slik kunne alle medlemar delta. Alle pistolskyttarar var oppfordra til å møte fram og delta. Resultata viser godt frammøte på dette fyrste klubbstemnet denne somaren.

Feltstemne Kristi himmelfartsdag

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte også i 2013 vårt tradisjonelle feltstemne i Sollidalen på Kristi himmelfartsdag. Dette året var stemnet den 9. mai.

Mange av klubben sine medlemar og mange tilreisande møtte fram og deltok. Vi takkar alle som møtte fram og deltok som skyttar, standplassleiar, klistrar, sekretariat, blinkspikrar med meir. Saman bidro vi til at det blei eit godt stemne med god deltaking og mange gode skyteresultat.

Konkurranse standardpistol

Vi arrangerte konkurranse i programet standardpistol søndag 24. mars 2013 på bana i Kulturhuset i Ørsta. Mange av våre medlemar møtte fram. Det same gjorde pistolskyttarar frå Måløy til Vigra. Resultatlista viser 21 deltakarar.

Denne gangen inneheld terminlista ingen andre konkurransar på den same dagen. Den neste konkurransen i Møre og Romsdal er så langt fram i tid som den 15. april.

Klubbmeisterskap i feltskyting 2012

imag0189.jpg

Søndag den 7. oktober arrangerte Ørsta/Volda Pistolklubb den årlege klubbmeisterskapen i feltskyting ved bana i Sollidalen. Værtilhøva var ikkje dei beste denne oktoberdagen, men meisterskapen blei gjennomført. Morten Lien vann klassene grovfelt, millitærfelt og revolvarfelt mens Dag Ola Myklebust og Jan Erik Kristiansen delte sigeren i klassa finfelt.

Foto frå felt-NM på Oppdal 2012

ØVPK hadde i år fire deltakarar på felt-NM på Oppdal. Eit strålande avvikla stemne med flotte standplassar, fint ver og svært dyktige arrangørar. Fleire frå klubben burde vere med!

Noregsmeisterskapen for 2012 i feltskyting med handvåpen vart avvikla i Oppdal. Resultata er lagt inn under menyvalet RESULTATLISTER og 2012. Frå listene kan vi nemne at Tore Lundberg kom på 24 plass i si klasse V50 i millitærfelt. Morten Lien og Bjørnar Osnes var nær 50. plass i revolverfelt og millitærfelt.

Stemnet 21.8.2011 er avlyst

Ørsta / Volda Pistolklubb hadde terminfesta ein approbert 1FGMR-konkurranse den 21. august. Den konkurransen er avlyst av eit samstemt styre. Grunnen til avlysinga er at Regjeringa har bestemt at på den dagen skal det vere ein nasjonal minnemarkering etter terroren i Oslo og på Utøya. Terminlista er oppdatert.

Dei ordinære skyteøvingane på onsdagar går som oppsett frå 10. august. Styret planlegg også denne hausten eit klubbmeisterskap i feltskyting. Når tidspunktet er bestemt, blir det opplyst på denne sida.

God deltaking på feltstemne 2.6.2011 i Sollidalen

ØVPK arrangerte sitt årlege feltstemne på Kristi Himmelfartsdag 2.6. Det var god deltaking med 94 startar (det meste vi har hatt på dette stemnet?), frå pistolklubbar frå Trondhjems PK i nord til Asker skytterklubb i sør. Rolf Toven vart stemnevinnar i finfelt og i militærfelt. Oddvin Blindheim vann revolvarfelt og grovfelt. RESULTAT.

img_3263612.jpg

RESULTAT STEMNE SPESIALFELT 30.4.2011

ØVPK arrangerte stemne i Spesialfelt i Sollidalen laurdag 30.4. Det var 53 startar i strålande ver. Rolf Toven tok tre sigrar (Magnum I og II samt Spesialpistol). Harald Strømmegjerde vann Spesialrevolvar. RESULTATLISTE

RESULTAT HURTIGPISTOL ÅLESUND 19.2.2011

Hans Torslett frå Kristiansund vart stemnevinnar med 566.

RESULTATLISTE

VIDAR SOLHEIM VANN STEMNET I FINPISTOL

Det var Vidar Solheim frå Eide og Fræna PK som vart stemnevinnar på ØVPK sitt ope stemne i finpistol søndag 9.1.2011 Solheim vann med poengsummen 558. Det var 30 startar på stemnet. RESULTAT

RESULTAT FELTSTEMNE I SOLLIDALEN SØNDAG 12.9.

sollidalen2010.jpg

ØVPK arrangerte ope stemne i felt søndag 12.9.2010 Det var 65 startar i brukbart ver. Rolf Toven frå Nesset PK vart stemnevinnar i både finfelt, militærfelt og revolvarfelt. Dag Ola Myklebust frå ØVPK vann stemnet i grovfelt.

Vi takkar for frammøte og takkar samstundes dei klubbmedlemmane som var med å arrangere.

RESULTATLISTE

RESULTAT MNM I 1FG I VERDAL

Foto frå stemne finn du her (frå arrangøren): http://gallery.me.com/bosnes/100076

Foto frå stemne finn du her (frå arrangøren): http://gallery.me.com/bosnes/100076

Laurdag 4.9.2010 var det feltstemne i Verdal med innlagt MNM i 1fg. Sven-Tore Verstad frå ØVPK tok turen.         RESULTAT

RESULTAT NM SPESIALFELT OG FELT 2010

ØVPK hadde deltakarar både på NM Spesialfelt på Birkeland (Bjørnar Osnes) og på NM Felt i Sandnes (Morten Lien og Bjørnar Osnes). Resultata finst på resultatsidene. Vi merkar oss Morten sin 27. plass i grovfelt. Det vart premie til Morten i grovfelt og militærfelt og til Bjørnar i Magnum I. Kanskje vert det fleire deltakarar frå ØVPK under neste års NM på Mysen?

TRE FRÅ ØVPK PÅ FELTSTEMNE I FØRDE SØNDAG 30.5.2010

ØVPK hadde tre deltakarar på stemnet til Førde pk søndag 30.5. "Team Warholm" tok turen i bobil og var på plass i Kråkenesmarka på laurdagskvelden.

Det var laga ei flott feltløype og det var strålande ver.

RESULTAT

Forhånd.1234Neste
issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS