Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

NorgesFeltstemne september 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte det fyrste NorgesFelt-stemnet på Sunnmøre i Sollidalen søndag den 13. september 2015. Mange pistolskyttarar møtte fram til godt skytever, sosialt lag, for å prøve nyvinninga og for å konkurrere. Takk til alle som hjalp til som funksjonærar, kiosk, dommarar, fotograf, sekretariat og anna. Vi er glade for at vi kunne tilby kiosk med kaffe, varm mat og godt utval i brus og sjokolade. Sist men ikkje minst; takk til skyttarar frå andre klubbar som tok turen denne dagen. Sammen fekk vi mange gode opplevingar. Vi håpar at tilreisande skyttarar hadde det like moro som vi arrangørane.

NorgesFelt er eit pistolkonsept der løype/blinkar er felles for alle slike stemner i landet. Skyttarar i alle klassene går den same løypa. Dei flyttar seg som vanleg frå standplass til standplass, men alle 8 standplassane er på ei linje. Denne dagen framfor skyttarhuset i Sollidalen. Det er felles komandoar og skytetid 10 sekund for alle standplassane og klassene. Ved kvar skyting kan eit nytt lag ta til og eit lag bli ferdig med løypa. Skyttarane klistrar sjølv skiva dei har skote på.

Det var denne dagen mogeleg å skyte i klassene Finfelt (kal .22), Grovfelt (kal>=.32), Millitærfelt (kal >=9 mm), Revolverfelt, Spesialpistol (små pistolar) og Spesialrevolvar (små revolvarar). Kvar skyttar kunne dermed delta med seks startar på ein dag.

Vi hadde laga løype for to skyttarar på kvart lag og hadde heile dagen fleire til å anvise skivene. 16 skyttarar i aksjon samtidig var etter vårt syn god nok kapasitet for avviklinga denne dagen. Vi fekk også kommentarar om at skyttarane hadde god fart gjennom løypa.

Resultata etter stemnet er publiserte på forsvarets skyteutval sin side og kjem snart på terminlista for M&R på same måten som andre feltstemner. Resultata er også publiserte saman med resultata frå andre NorgesFelt-stemner. Slik kan skyttarane også samanlikna resultata sine med pistolskyttarar frå andre kantar av landet.

29 skyttarar møtte og hadde til saman 81 startar. Ingen skyttarar klarte alle poenga, men Morten Lien var berre 1 poeng frå det målet. 10 skyttarar klarte 90 % eller meir av dei oppnåelege poenga; Oddvin Blindheim (3 gongar), Morten Lien (2 gongar), Ole Thomas Homborstad (2 gongar), Atle Eikrem, Eirik Tjugen og Steven Bendal.

Dei lokale skyttarane Atle Eikrem, Eirik Tjugen og Morten Lien frå ØVPK gjorde det godt i klassene sine.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS