Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

NorgesFeltstemne juni 2016

feltblinkar_03.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte årets fyrste NorgesFelt-stemnet på Sunnmøre i Sollidalen søndag den 19. juni 2016. Mange pistolskyttarar møtte fram til godt skytever, sosialt lag og for å konkurrere. Takk til alle som hjalp til som funksjonærar, kiosk, dommarar, fotograf, droneflygar, sekretariat og anna. Vi er glade for at vi kunne tilby kiosk med kaffe, varm mat, sjokolade og godt utval i brus. Sist men ikkje minst; takk til skyttarar frå andre klubbar som tok turen denne dagen. Sammen fekk vi mange gode opplevingar. Vi håpar at tilreisande skyttarar hadde det like moro som vi arrangørane.

NorgesFelt er eit pistolkonsept der løype/blinkar er lik for alle slike stemner i landet. Skyttarar i alle klassene går den same løypa. Dei flyttar seg som vanleg frå standplass til standplass, men alle 8 standplassane er på ei line. Denne dagen framfor skyttarhuset i Sollidalen. Det er felles komandoar og skytetid 10 sekund for alle standplassane og klassene. Ved kvar skyting kan eit nytt lag ta til og eit lag bli ferdig med løypa. Skyttarane klistrar sjølv blinkane dei har skote på.

Det var denne dagen mogeleg å skyte i klassene Finfelt (kal .22), Grovfelt (kal>=.32), Millitærfelt (kal >=9 mm), Revolverfelt, Spesialpistol (små pistolar) og Spesialrevolvar (små revolvarar). Kvar skyttar kunne dermed delta med seks startar på ein dag.

Vi hadde laga løype for to skyttarar på kvart lag og hadde fleire til å anvise skivene mykje av dagen. 16 skyttarar i aksjon samtidig var etter vårt syn god nok kapasitet for avviklinga denne dagen. Vi fekk også kommentarar om at skyttarane hadde god fart gjennom løypa.

Resultata etter stemnet var først send til kontaktpersonar i deltakande klubbar til korrekturlesing, deretter til forsvarets skyteutval sin side og til terminlista for M&R på same måten som andre feltstemner. Resultata er også sende og publiserte saman med resultata frå andre NorgesFelt-stemner. Der kan deltakarane samanlikne resultata sine med pistolskyttarar frå andre kantar av landet.

31 skyttarar møtte og hadde til saman 78 startar. Ingen skyttarar klarte alle poenga, men Rolf Toven var berre 2 poeng frå det målet. 5 skyttarar klarte 90 % eller meir av dei oppnåelege poenga; Rolf Toven (2 gongar), Are Berg, Harald Strømmegjerde, Ole Thomas Humborstad og Dag Ola Myklebust.

Dei lokale skyttarane Are Berg, Dag Ola Myklebust, Stephan Lervik og Mass Langvatn gjorde det godt i konkurransen.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS