Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Feltstemne Spesial og Magnum august 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte spesialfeltstemne i Sollidalen søndag den 23. august 2015. Mange pistolskyttarar møtte fram til sosialt lag og for å konkurrere.  Det vart skote med små pistolar og revolverar og vi opplevde mange kraftige smell frå skyttarar i magnum-klassene. Skytedagen hadde blå himmel og var ein av dei varmaste i Sollidalen til no denne sumaren.

Til dette stemnet hadde vi laga halv løype, dvs 5 standplassar. Nokre standplassar var greie og andre mindre greie.

Skyting i klassene spesialpistol og spesialrevolvar krev at det blir skote med våpen som ikkje er større enn eit visst antal millimeter i ytre mål inklusive magasin. Dette blir kontrollert med å legge våpna ned i ei trekasse før start.

Deltaking i Magnum-klassene krev at skyttaren nyttar amunisjon som har kuler som veg over ei minimumsvekt og gir utgangsfart over kravet. Krava gjer at rekylen i magnum-klassene er betydeleg kraftigare enn i vanleg feltskyting.

Resultatlista etter stemnet er klar. Den er innlagt på forsvarets skyteutvalg sin side om ØVPK og dei andre klubbane i Møre og Romsdal. Resultata er også send til innlegging på terminlista.

21 skyttarar møtte og hadde til saman 44 startar. Ingen av skyttarane klarte alle poenga, men vinnarane i alle klassene var berre to poeng frå å fylle løypa. 5 skyttarar klarte 90 % eller meir av dei oppnåelege poenga; Rolf Toven (3 gongar), Dag Ola Myklebust og Steven Bendal.

Rolf Toven frå Nesset PK har i fleire år vore ein av dei dyktigaste pistolskyttarane i Møre og Romsdal. Han deltok på dette stemnet og er godt representert i toppen av resultatlistene med to sigrar og ein andreplass. Vi legg merke til at Dag Ola Myklebust frå ØVPK gjorde det godt i begge klassene han deltok i. Han tok mellom anna ein av sigrane frå Toven.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS