Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Feltstemne Spesial og Magnum september 2016

svingstativ.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte spesialfeltstemne i Sollidalen laurdag den 10. september 2016. Pistolskyttarar møtte fram til sosialt lag og for å konkurrere.  Vi finn det spesielt gledeleg at to av deltakarane på sikkerheitskurs i vinter møtte fram og deltok. Det vart skote med små pistolar og revolverar og vi opplevde mange kraftige smell frå skyttarar i magnum-klassene. Skytedagen tok til med regnbyger, men deretter fekk vi blå himmel og sol.

Til dette stemnet hadde feltgruppa og ein dugnadsgjeng laga halv løype, dvs 5 standplassar. Nokre standplassar var greie og andre mindre greie. Dette var det første stemnet der vi kunne ta i bruk stativet med svingande blinkar.

Skyting i klassene spesialpistol og spesialrevolvar krev at det blir skote med våpen som ikkje er større enn eit visst antal millimeter i ytre mål inklusive magasin. Dette blir kontrollert med å legge våpna ned i ei trekasse før start.

Deltaking i Magnum-klassene krev at skyttaren nyttar amunisjon som har kuler som veg over ei minimumsvekt og gir utgangsfart over kravet. Krava gjer at rekylen i magnum-klassene er betydeleg kraftigare enn i vanleg feltskyting.

Resultatlista etter stemnet er klar. Lista blir først send til den ansvarlege i kvar pistolklubb med deltakarar for korrekturlesing. Etter nokre dagar blir lista send til innlegging på forsvarets skyteutvalg sin side om ØVPK og dei andre klubbane i Møre og Romsdal. Resultata vert også send til innlegging på terminlista for Møre og Romsdal.

12 skyttarar møtte og hadde til saman 28 startar. To skyttarane klarte alle poenga; Eirik Tjugen og Oddvin Blindheim.Fem andre skyttarar klarte 90 % eller meir av dei oppnåelege poenga; Are Berg, Steven Bendal, Mass Langvatn, Dag Ola Myklebust og Oddvin Blindheim (2 gongar til).

Klassesigrane blei fordelte mellom 4 forskjellige skyttarar. Frå arrangørklubben vann Dag Ola Myklebust og Eirik Tjugen kvar si klasse.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS