Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Feltstemne Kristi Himmelfartsdag i 2016

feltblinkar_02.jpg

Det første feltstemne til ØVPK i 2016 blei nok ein gong ein kjempesuksess. Torsdag 5. mai kom med godt skytever og høg temperaturar samanlikna med dagane før. Vi opplevde god deltaking og alle hadde det moro under og mellom skytingane. Skyttarane konkurrerte i klassene Finfelt, Grovfelt, Millitærfelt og Revolverfelt. Stemnet var kretsmeisterskap i Millitærfelt og Revolverfelt.

På førehand hadde medlemar frå arrangørklubben vidareutvikla og utvida løypa slik at vi kunne ta med 8 skyttarar på kvart lag. Fleire skyttarar meinte at vi hadde laga til ei god løype. Løypa inneheld mange blinkar som var lette å treffe og fleire moment som var til for å skille dei beste frå kvarandre.

Kravet frå Terminlista til avviklinga av stemnet var at alle som ville delta i Revolverfelt og Millitærfelt måtte melde seg på før kl 13. Dette gjorde at også arrangørklubben sine medlemar måtte skyte sine to startar så tidleg som mogeleg. Dermed måtte dei tilreisande vente noko lenger enn om arrangørklubben sine medlemar kunne vente til slutt, slik vi tidlegare har praktisert.

Den seine snøven i vinter har vore seig å smelte i Sollidalen denne våren. Under stemnet var det fortsatt igjen nokre flekkar med snøv, men det skapte berre små ulemper for avviklinga av stemnet. 

Den endelege resultatlista syner 49 deltakarar med til saman 103 startar og mange gode resultat. Morten Lien frå arrangørklubben blei kretsmeister i Revolverfelt og Helge Kristiansen frå Sunndal PK blei kretsmeister i Millitærfelt. Stemnevinnar i Finfelt blei Ole Thomas Humborstad frå Eid PK. I Grovfelt blei Oddvin Blindheim frå Vigra og Valderøy PK beste skyttar. Alle poenga blei oppnådde i fire av startane; Ole Thomas Humborstad (2x) og Oddvin Blindheim (2x). I kretsmeisterskap er det også mogeleg med lagskyting. Denne dagen var to lag påmelde i begge klassene; Sunndal PK og Ørsta/Volda PK. Sunndal vann klassa Millitærfelt og Ørsta/Volda vann Revolverfelt.

Resultatlista er send til kontaktpersonar i klubbar som hadde deltakarar på stemnet. Tilbakemelding gjorde at vi endra lista. Lista er no send til publisering på terminlista og fsu.no

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS