Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Feltstemne Kristi himmelfartsdag 2015

ØVPK arrangerte også i 2015 feltstemne for pistolskyttarar i Sollidalen på Kristi himmelfartsdag; torsdag den 14. mai. Dette var det første feltstemnet på Sunnmøre i år, yr.no spådde solglytt og mange hadde fri frå arbeid. Vi hadde håp om godt oppmøte på skytebana -og det slo til.

Resultatlista syner heile 138 startar og mange gode skyteresultat. Gratulerer til Morten Lien som traff best av alle. Heile 4 skyttarar klarte alle poenga i Finfelt. Det var så tett i toppen at to skyttarar deler andreplassen. Kanskje vi må lage ei vanskelegare løype neste gong. Takk til alle frammøtte for bidraget til at dagen blei god og med mykje moro i godt lag. Bilder frå dagen kan sjåast når heile artikkelen viser (trykk evt på «Meir informasjon og bilete»).

Fredagen før stemnet møtte mange medlemar til dugnad og gjorde bana og blinkar klare til stemnedagen. På stemnedagen var det ca 25 medlemar som møtte og skreiv seg i baneprotokollen. Vi kan ikkje hugse så mange eigne medlemar til stades på ein konkurranse tidlegare. Takk til alle medlemar som møtte fram og hjelpte til, slik at vi fekk arrangert nok eit godt stemne. Det er spesielt gledeleg at fleire som deltok på sikkerheitskurs denne vinteren var med denne dagen. Vi var standplassleiarar, klistrarar, påmeldar, kioskansvarleg, resultat-tastar og andre oppgåver. Saman klarte vi å ha 3 lag i aksjon samtidig store delar av dagen. 

På dette stemnet kunne deltakarane skyte i klassene FGMR, altså Finfelt, Grovfelt, Millitærfelt og Revolvarfelt. Alle gikk den same løypa, men det var enkelte forskjellar etter klassene (f.eks. eit- eller tohandsgrep). Ein skyttar som tok med tre våpen og nok amunisjon kunne dermed bli med på fire startar på ein dag.

Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding/utvalg til lag. Vi hadde med klubbvåpen og amunisjon, slik at også medlemar som ikkje hadde eigne våpen kunne delta. Vi gikk to funksjonærlag før stemnet tok til og fem etter at dei tilreisande var ferdige.

Litt statistikk frå resultatlista: 59 skyttarar deltok. 41 kom frå andre klubbar og 18 er frå ØVPK. 5 skyttarar klarte kravet til A-klasse for 2016 og 22 skyttarar klarte B-kravet på ein eller fleire av sine startar.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS