Banestemne på Ørsta kulturhus november 2016

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus søndag den 6. november 2016. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Finpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.
Programmet Finpistol består av 6 seriar med skytetid 5 minutt mot presisjonsskiver og 6 seriar med duellskyting mot duellskiver. Ei duellserie består av 3 sekund til å skyte eit skot og 7 sekunds pause der skyttarane skal senke våpenet. Dette gjentek seg 5 gongar.
Dette var eit korrespondansestemne. Det betyr at skyttarar kunne skyte programmet på ei lokale bane og det gjorde fleire deltakarar. Dei som arrangerar slik skyting til korrespondansestemne sender resultata og litt pengar til stemnearrangøren. Arrangøren av stemnet tek med resultata, lagar ei samla resultatliste og bereknar premiar som vanleg.
Mandagen før stemnet hadde vi skyteøving. Etter to lag rakk vi å måle over treffa på panserplatene og gjere skivene og bana klar til konkurransen. Rifleskyttarane har fullført «finishen» på bakrommet, fått klart eit av dei nye toaletta og vaska heile bana. Takk til alle som hjalp til med førebuinga til stemnet.
Under stemnet hadde vi kiosk med sal brus, kaffe, sjokolade og pølser i brød. I pauserommet viste vi skyttarane sine treff på eit lerret etter kvart som dei blei registrerte i blinkane.
Resultatlista viser at det deltok 27 skyttarar. Beste resultat var 553 av 600 oppnåelege poeng. Lista blir no send til kontaktpersonar i deltakande klubbar for korrektur etter nokre dagar blir den send til publisering på terminlista og på fsu.no.
Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Takk også til medlemar som stillte opp slik at klubben kunne arrangere dette stemnet. Vi hadde ein uformell tone og god stemning under heile stemnet.