Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Banestemne på Ørsta kulturhus januar 2016

publvising.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus søndag den 10. januar. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Standardpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding. 

Programmet Standardpistol består av 4 seriar med 150 sekunds skytetid, 4 seriar med 20 sekunds skytetid og til slutt 4 seriar med 10 sekunds skytetid. Alle seriar består av 5 skot mot presisjonsblinkar på 25 meter avstand.

Under stemnet hadde vi kiosk med sal brus, kaffe, sjokolade, lefser og pølser i brød. I pauserommet viste vi skyttarane sine treff på eit lerret etter kvart som dei blei registrerte i blinkane. Vi viste også ferdige skyteresultat oppdelt etter skyttarane sine klasser.

Dette var eit korrespondansestemne. Det betyr at skyttarar kunne skyte programmet på ei lokale bane. Dei som arrangerar slik skyting til korrespondansestemne sender resultata og litt pengar til stemnearrangøren. Arrangøren av stemnet tek med resultata, lagar ei samla resultatliste og bereknar premiar som vanleg.

Resultatlista viser at det deltok 45 skyttarar. Beste resultat var 545 av 600 oppnåelege poeng. Lista er også publisert på terminlista og innlagt på fsu.no

Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Takk også til medlemar som stillte opp slik at klubben kunne arrangere dette stemnet. Vi hadde ein uformell tone og god stemning under heile stemnet.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS