Banestemne på Ørsta kulturhus februar 2016

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus laurdag den 27. februar 2016. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Finpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.
Programmet Finpistol består av 6 seriar med skytetid 5 minutt mot presisjonsskiver og 6 seriar med duellskyting mot duellskiver. Ei duellserie består av 3 sekund til å skyte eit skot og 7 sekunds pause der skyttarane skal senke våpenet. Dette gjentek seg 5 gongar.
Dette var eit korrespondansestemne. Det betyr at skyttarar kunne skyte programmet på ei lokale bane. Dei som arrangerar slik skyting til korrespondansestemne sender resultata og litt pengar til stemnearrangøren. Arrangøren av stemnet tek med resultata, lagar ei samla resultatliste og bereknar premiar som vanleg.
Under stemnet hadde vi kiosk med sal brus, kaffe, sjokolade, lefser og pølser i brød. I pauserommet viste vi skyttarane sine treff på eit lerret etter kvart som dei blei registrerte i blinkane. Vi viste også ferdige skyteresultat oppdelt etter skyttarane sine klasser.
Resultatlista viser at det deltok 52 skyttarar. Beste resultat var 554 av 600 oppnåelege poeng. Moro at ein av deltakarane på vinterens sikkerheitskurs i arrangørklubben har trena jamt etter kurset, deltok denne dagen, skaut bedre enn fleire røynde skyttarar og vann ein pengepremie. Lista var send til kontaktpersonar i deltakande klubbar for korrektur før den blei send til publisering på terminlista og på fsu.no. Rsultata viser på fsu og snart på terminlista.
Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Takk også til medlemar som stillte opp slik at klubben kunne arrangere dette stemnet. Vi hadde ein uformell tone og god stemning under heile stemnet.