Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Banestemne på Ørsta kulturhus desember 2016

utklipp2.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus laurdag den 3. desember 2016. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programma Hurtigpistol og NAIS. Det møtte MANGE skyttarar både frå vår egen og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Programmet Hurtigpistol består av 4 seriar med 10 sekunds skytetid, 4 seriar med 8 sekunds skytetid og til slutt 4 seriar med 6 sekunds skytetid. 

Programmet NAIS er ei blanding av seriane i Standardpistol og Finpistol og består av 2 seriar med 150 sekund skytetid, 2 duellseriar, 1 serie med skytetid 20 sekund og 1 serie med 10 sekund. Ei duellserie består av 3 sekund til å skyte eit skot og 7 sekunds pause der skyttarane skal senke våpenet slik at handa har ein vinkel på 45 grader ut frå kroppen. Dette gjentek seg 5 gongar. 

Alle konkurranseskyting denne dagen var skyting mot duellblinkane. Alle seriar var 5 skot på 25 meter avtand.

Fredagen før stemnet hadde vi skyteøving. Etter skytinga rakk vi å måle over treffa på panserplatene og gjere skivene og bana klar til konkurransen. Vi rakk også å vaska golvet på bana. Utan slik innsats kan vi ikkje arrangere stemner. Takk til alle som hjalp til med førebuing til stemnet! 

Under stemnet hadde vi kiosk med sal brus, kaffe, sjokolade og pølser i brød. I pauserommet viste vi skyttarane sine treff på eit lerret etter kvart som dei blei registrerte i blinkane.

Resultatlista viser heile 84 startar frå 41 forskjellige skyttarar. Beste resultat var 557 av 600 i Hurtigprogrammet og 288 av 300 oppnåelege poeng i programmet NAIS. Lista blei fyrst send til kontaktpersonar i deltakande klubbar for korrektur deretter til publisering på terminlista og på fsu.no.

Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Vi vil også takke for tålmodet skyttarane viste under dette stemnet. Kjekt å sjå at det deltok heile 13 skyttarar frå vår naboklubb Hjørungavåg Pistolklubb. Takk også til medlemar som stilte opp og hjalp til slik at klubben kunne arrangere dette stemnet. Med dette er ØVPK ferdig med arrangering av stemner i 2016. Vi opplevde ein uformell tone og god stemning under heile stemnet.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS