Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Banestemne på Ørsta kulturhus desember 2015

Stor spenning i pauserommet
Stor spenning i pauserommet

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne på Ørsta kulturhus laurdag 5. desember. Denne dagen inviterte vi pistolskyttarar til å skyte programma Hurtigpistol fin, spesialpistol og spesialrevolver og NAIS fin. All skyting måtte være med kaliber .22 sidan bana berre er godkjend for dette kaliberet. Stemnet var slik at alle skyttarar som ville delta, måtte møtte fram på bana stemnedagen. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioriterte ved oppsetting av lag.

Programmet Hurtigpistol består av 4 seriar med 10 sekunds skytetid, 4 seriar med 8 sekunds skytetid og til slutt 4 seriar med 6 sekunds skytetid. Alle seriar består av 5 skot mot duellblinkane. Programmet NAIS består av 2 seriar med 150 sekund skytetid, 2 duellseriar, 1 serie med skytetid 20 sekund og 1 serie med 10 sekund. Ei duellserie består av 3 sekund til å skyte eit skot og 7 sekunds pause der skyttarane skal senke våpenet. Dette gjentek seg 5 gongar. Også her består alle seriar av 5 skot mot duellblinkane.

Fredagen før stemnet hadde funksjonærar anledning til å skyte sine program. Andre medlemar kunne nytte skyteøvinga på fredagen til siste øving før stemnet. Panserplatene rundt blinkane hadde fått nokre treff etter siste stemne, så vi måla over treffa fredagskvelden og gjorde bana klar til stemnet.

Under stemnet hadde vi sal av m.a. vafler, brus, sjokolade, kaffe og pølser i brød. Vi viste skyttarane sine treff på veggen i bakrommet etter kvart som dei blei registrerte i blinkane. Resultata til skyttarar som var ferdige med sine program, blei viste på ein skjerm ved påmeldinga etter kvart som sekretariatet rakk å legge dei inn i programmet.

Resultatlista etter korrekturlesing viser 21 skyttarar og heile 46 startar. Beste resultat i hurtigprogrammet var 581 av 600 oppnåelege poeng. I NAIS-programmet var beste resultat heile 294 av 300 oppnåelege. Lista er send til kontaktpersonar i deltakande klubbar for korrektur og til publisering på NSF sin terminliste og på forsvarets skyteutvalg.

Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Takk også til medlemar av ØVPK som hjalp til slik at klubben kunne arrangere dette stemnet. Mange av våre medlemar deltok og markerte seg på stemnet. Saman fekk vi mange gode opplevingar og alle bidrog til den gode stemninga.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS