Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Banestemne på Kulturhuset oktober 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus laurdag den 10. oktober. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Standardpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding. 

Programmet Standardpistol består av 4 seriar med 150 sekunds skytetid, 4 seriar med 20 sekunds skytetid og til slutt 4 seriar med 10 sekunds skytetid. Alle seriar består av 5 skot og er mot presisjonsblinkar.

Under stemnet hadde vi kiosk med sal av sveler, brus, kaffe og pølser i brød. I pauserommet viste vi skyttarane sine treff på veggen etter kvart som dei blei registrerte i blinkane. Ferdige skyteresultat blei viste på ein skjerm, listinga var delt etter skyttarane sine klasser.

Resultatlista viser at det deltok 14 skyttarar. Beste resultat var 537 av 600 oppnåelege poeng. Lista er send til publisering på terminlista og på fsu.no

Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Ein hadde reist i tre og ein halv time. Takk også til medlemar som stillte opp slik at klubben kunne arrangere dette stemnet. Sammen fekk vi mange gode opplevingar. Alle bidrog til den gode stemninga.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS