Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

NorgesFeltstemne juni 2017

utsnitt_20170618_2.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte NorgesFelt-stemnet i Sollidalen søndag den 18. juni 2017. Mange pistolskyttarar møtte fram til godt skytever, sosialt lag og for å konkurrere. Takk til alle som hjalp til som funksjonærar, kiosk, dommarar, fotograf, sekretariat og anna. Vi er glade for at vi kunne tilby kiosk med kaffe, varm mat og godt utval i brus og sjokolade. Sist men ikkje minst; takk til skyttarar frå andre klubbar som tok turen denne dagen. Sammen fekk vi mange gode opplevingar. Vi håpar at også tilreisande skyttarar hadde det moro.

Banestemne på Ørsta kulturhus februar 2017

utklipp2.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus laurdag den 25. februar 2017. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Finpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Feltstemne Kristi Himmelfartsdag i 2017

feltblinkar.jpg

ØVPK sitt første feltstemne i 2017 blei avvikla på Kristi Himmelfartsdag; torsdag 25. mai. Vi opplevde god deltaking sjølv om veret ikkje viste seg frå si beste side. Skyttarane konkurrerte i klassene Finfelt, Grovfelt, Millitærfelt og Revolverfelt. Stemnet var kretsmeisterskap for Møre og Romsdag i Finfelt og Grovfelt. Takk for frammøtet til alle som møtte fram denne dagen !

Banestemne på Ørsta kulturhus januar 2017

publvising.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i Ørsta kulturhus laurdag den 7. januar 2017. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Standardpistol. Dette var eit korrespondansestemne og nokon skyttarar deltok på si eiga heimebane. Det møtte skyttarar både frå vår egen og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Vi hadde på førehand sagt at deltakarar måtte ta med startkort for 2017 og det fiksa skyttarane.

Banestemne på Ørsta kulturhus desember 2016

utklipp2.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus laurdag den 3. desember 2016. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programma Hurtigpistol og NAIS. Det møtte MANGE skyttarar både frå vår egen og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Pistolbana i Sollidalen i bruk til stemne i dynamisk skyting

Søndag den 24. september 2017 kl 9 - 16 var pistolbana i Sollidalen brukt til eit stemne i dynamisk sportsskyting. Arrangør var Nordvest Sportsskyttarlag

Bana var stengd for anna aktivitet i denne tida.

Banestemne på Ørsta kulturhus november 2016

publvising.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus søndag den 6. november 2016. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Finpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Feltstemne Spesial og Magnum september 2016

svingstativ.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte spesialfeltstemne i Sollidalen laurdag den 10. september 2016. Pistolskyttarar møtte fram til sosialt lag og for å konkurrere.  Vi finn det spesielt gledeleg at to av deltakarane på sikkerheitskurs i vinter møtte fram og deltok. Det vart skote med små pistolar og revolverar og vi opplevde mange kraftige smell frå skyttarar i magnum-klassene. Skytedagen tok til med regnbyger, men deretter fekk vi blå himmel og sol.

NorgesFeltStemne august 2016

113648_utsnitt.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte NorgesFelt-stemnet i Sollidalen søndag den 21. august 2016. Mange pistolskyttarar møtte fram til mildt og godt skytever, sosialt lag og for å konkurrere. Takk til alle som hjalp til som funksjonærar, kiosk, dommarar, fotograf, sekretariat og anna. Vi er glade for at vi kunne tilby kiosk med kaffe, varm mat, sjokolade og godt utval i brus. Sist men ikkje minst; takk til skyttarar frå andre klubbar som tok turen denne dagen. Sammen fekk vi mange gode opplevingar. Vi håpar at tilreisande skyttarar hadde det like moro som vi arrangørane.

NorgesFeltstemne juni 2016

feltblinkar_03.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte årets fyrste NorgesFelt-stemnet på Sunnmøre i Sollidalen søndag den 19. juni 2016. Mange pistolskyttarar møtte fram til godt skytever, sosialt lag og for å konkurrere. Takk til alle som hjalp til som funksjonærar, kiosk, dommarar, fotograf, droneflygar, sekretariat og anna. Vi er glade for at vi kunne tilby kiosk med kaffe, varm mat, sjokolade og godt utval i brus. Sist men ikkje minst; takk til skyttarar frå andre klubbar som tok turen denne dagen. Sammen fekk vi mange gode opplevingar. Vi håpar at tilreisande skyttarar hadde det like moro som vi arrangørane.

Feltstemne Kristi Himmelfartsdag i 2016

feltblinkar_02.jpg

Det første feltstemne til ØVPK i 2016 blei nok ein gong ein kjempesuksess. Torsdag 5. mai kom med godt skytever og høg temperaturar samanlikna med dagane før. Vi opplevde god deltaking og alle hadde det moro under og mellom skytingane. Skyttarane konkurrerte i klassene Finfelt, Grovfelt, Millitærfelt og Revolverfelt. Stemnet var kretsmeisterskap i Millitærfelt og Revolverfelt.

Banestemne på Ørsta kulturhus februar 2016

Konsentrerte skyttarar under stemnet
Konsentrerte skyttarar under stemnet

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus laurdag den 27. februar 2016. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Finpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Banestemne på Ørsta kulturhus januar 2016

publvising.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus søndag den 10. januar. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Standardpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding. 

Banestemne på Ørsta kulturhus desember 2015

Stor spenning i pauserommet
Stor spenning i pauserommet

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne på Ørsta kulturhus laurdag 5. desember. Denne dagen inviterte vi pistolskyttarar til å skyte programma Hurtigpistol fin, spesialpistol og spesialrevolver og NAIS fin. All skyting måtte være med kaliber .22 sidan bana berre er godkjend for dette kaliberet. Stemnet var slik at alle skyttarar som ville delta, måtte møtte fram på bana stemnedagen. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioriterte ved oppsetting av lag.

Banestemne på Kulturhuset oktober 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus laurdag den 10. oktober. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Standardpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding. 

NorgesFeltstemne september 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte det fyrste NorgesFelt-stemnet på Sunnmøre i Sollidalen søndag den 13. september 2015. Mange pistolskyttarar møtte fram til godt skytever, sosialt lag, for å prøve nyvinninga og for å konkurrere. Takk til alle som hjalp til som funksjonærar, kiosk, dommarar, fotograf, sekretariat og anna. Vi er glade for at vi kunne tilby kiosk med kaffe, varm mat og godt utval i brus og sjokolade. Sist men ikkje minst; takk til skyttarar frå andre klubbar som tok turen denne dagen. Sammen fekk vi mange gode opplevingar. Vi håpar at tilreisande skyttarar hadde det like moro som vi arrangørane.

Feltstemne Spesial og Magnum august 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte spesialfeltstemne i Sollidalen søndag den 23. august 2015. Mange pistolskyttarar møtte fram til sosialt lag og for å konkurrere.  Det vart skote med små pistolar og revolverar og vi opplevde mange kraftige smell frå skyttarar i magnum-klassene. Skytedagen hadde blå himmel og var ein av dei varmaste i Sollidalen til no denne sumaren.

Pistolskytekonkurransar juli 2015

NM i Feltskyting 2015 foregikk 15. - 18. juli og var åpen for alle pistolskyttarar. I år var Ringerike Pistolklubb arrangør og konkurransen foregikk nær Hønefoss. 3 medlemar deltok og ein annan la ferien sin til området og var innom skytebana.

ØVPK hadde også ein deltakar på NM i spesialfelt den 24. og 25. juli. Arrangørar var Oppdal PK, Støren SSK og Sunndal PK og skytinga foregikk på Oppdal.

Feltstemne Kristi himmelfartsdag 2015

ØVPK arrangerte også i 2015 feltstemne for pistolskyttarar i Sollidalen på Kristi himmelfartsdag; torsdag den 14. mai. Dette var det første feltstemnet på Sunnmøre i år, yr.no spådde solglytt og mange hadde fri frå arbeid. Vi hadde håp om godt oppmøte på skytebana -og det slo til.

Resultatlista syner heile 138 startar og mange gode skyteresultat. Gratulerer til Morten Lien som traff best av alle. Heile 4 skyttarar klarte alle poenga i Finfelt. Det var så tett i toppen at to skyttarar deler andreplassen. Kanskje vi må lage ei vanskelegare løype neste gong. Takk til alle frammøtte for bidraget til at dagen blei god og med mykje moro i godt lag. Bilder frå dagen kan sjåast når heile artikkelen viser (trykk evt på «Meir informasjon og bilete»).

Banestemne på Kulturhuset februar 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne på Ørsta kulturhus laurdag 28. februar. Denne dagen inviterte vi pistolskyttarar til å skyte programmet Finpistol. Pistolskyttarar frå andre klubbar kunne delta på stemnet ved å skyte programmet ved si eiga heimebane og få resultata sende til oss, eller ved å møte fram på stemnedagen. Resultatlista etter stemnet er innlagt i terminlista.

1234Neste
issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS