Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Stemne standardpistol 18.03.2018

img_6943.jpg

Søndag den 18. mars arrangerer Ørsta/Volda Pistolklubb banestemne i standardpistol på Ørsta kulturhus frå kl 12:00. Dette er eit korrespondansestemne, slik at skyttarar også kan delta ved å skyte ved si lokale bane dersom nokon sender resultata og startkontingenten til oss. Som vanleg blir tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding på bana konkurransedagen. Alle som vil delta må ha med og vise startkort.

Programmet standardpistol består av 4 seriar med skytetid 150 sekund, 4 seriar med skytetid 20 sekund og 4 seriar med skytetid 10 sekund. Alt mot presisjonsblinkar og alle seriar er på 5 skudd.

Fredagen før stemnet har klubben skyteøving frå kl 18. Etter skytinga må vi gjere bana klar til stemnet. Vi må måle over treffa på panserplatene og elles gjere skivene og bana klar til konkurransen.

Vi oppfordrar alle medlemar av ØVPK til å møte fram og gjerne delta. Det gjeld naturlegvis også dei som deltok på sikkerheitskurset no i vinter og tidlegare. 

Under stemnet tenkjer vi å få til sal av brus, kaffe, sjokolade og pølser i brød. Vi vil vise skyttarane sine treff på eit lerret i bakrommet etter kvart som treffa blir registrerte i blinkane. 

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS