Skyting på Ørsta kulturhus

Vi startar oppatt skytinga på kulturhuset fra og med mandag 05 oktober kl 18:00
Endeleg kan vi starte oppatt skytinga på kulturhuset men denne hausten vert det med ein del begrensingar. Vi kjem bl. anna til å nytte berre fire standplassar for å kunne halde tilstrekkeleg avstand. Hugs å skrive deg på påmeldingslista når du kjem, så vert denne nytta som "venteliste".
Det vert anledning til å vente på tur og ha det sosialt på opphaldsrommet bak standplass, men hugs avstand. Trening vert ikkje rekna som arrangement og maks antall personar i lokalet samtidig er difor 20stk.
Førstkommande mandag (05 oktober) skyt vi hurtigprogram og Arnstein er standplassleiar.
Vel møtt!
Vi har laga nokre enkle kjørereglar for å redusere faren for smitte og dei finn du som vedlegg til denne posten.
Det vert lagt ut liste over skytedagar/standplassleiarar for oktober og november i løpet av neste veke, men opplegget vert som tidlegare med skyteprogram/cup på mandagar og fredagar. Tirsdagar vert som før reservert for dei som skal gå nybyrjar/sikkerheitskurs i år.