Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Skyteøvingar Ørsta kulturhus vinter/vår 2018

img_6943.jpg

Skyteøvingane for klubben sine medlemar i kjellaren av Ørsta kulturhus vinter/vår 2018 tek til onsdag og varer til fredag den 27. april. Skytetidene er mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20. No nytta vi også onsdagane frå kl 19 som ein øvingskveld. Dei dagane har dei som deltok på sikkerheitskurs haust/vinter 2017 prioritet. Dei elektroniske skivene fungerer som dei skal - og ventar på oss ....

På øvingane kan dei frammøtte skyta eit program og delta i den interne konkurransen Vintercupen 2017/2018, eller øvingsskyte mot dei elektroniske skivene utanom program. Vintercupen inneheld programma Standard, Hurtig og VM Fin. Dette året skal vi oppdatere ein eigen vintercup for program skotne med Spesialpistolar eller Spesialrevolvarar (to hender er påbode her). Skyttar som skyt med spesialpistol eller spesialrevolvar må sjå til at standplassleiaren veit det, slik at resultatet blir registrert på rett plass i resultatlista. Resultata i Vintercupen kjem fram dersom ein vel lenkja i høgre marg. For å fullføre vintercupen må ein skyttar ha skote kvart av programma minst fire gongar før ca utgangen av april 2018. Deltaking på stemne frå terminlista tel også i Vintercupen. Dei fire beste resultata i kvart program tel. 

På årsmøtet i 2019 er det planlagt å dele ut premie til alle som fullfører denne vintercupen. Det er vidare sett opp ein vandrepokal for vinnarar av vintercupen. Det blir også premiering for klubbmeisterskapen i feltskyting.

Dette er dei organiserte øvingane inne i oppvarma lokale denne vinteren/våren. Etter dette held vi fram ved bana i Sollidalen.

Plan for skyteøvingar vinter/vår 2018

Dag P R O G R A M Kommentar Vakt
  Standard   Finpistol    
    Hurtig    
J  A  N  U  A  R
onsdag 3.       Begynnardag  Frode og Are
fredag 5.     X   Arnstein 
mandag 8.   X     Jon Magnar
onsdag 10.       Begynnardag Arnstein og Dag Ola
fredag 12.     X Korr Vigra og Valderøy Sven-Tore
mandag 15.   X   Korr Vigra og Valderøy Atle 
onsdag 17.       Begynnardag  Frode og Are 
fredag 19.       Mass 
mandag 22. X       Morten 
onsdag 24.       Begynnardag  Arnstein og Dag Ola 
fredag 26. X     Skyteøving UTGÅR pga H&Ø har stemne
mandag 29. X     Korr Vigra og Valderøy Jon Erling 
onsdag 31.       Begynnardag   Frode og Are 
 
F  E  B  R  U  A  R
fredag 2.     X Skyteøvinga tek til kl 18 Kim
søndag 4.     X Stemne ØVPK  
mandag 5.   X     Frode
onsdag 7.       Skyteøving UTGÅR pga H&Ø har stemne
fredag 9.   X   Skyteøving UTGÅR pga H&Ø har stemne
mandag 12.   X   Korr Vigra og Valderøy Jostein
onsdag 14.       Begynnardag Arnstein og Dag Ola
fredag 16.       Å R S M Ø T E  ØVPK
mandag 19. X       Jon Magnar
onsdag 21.       Begynnardag Frode og Are
fredag 23. X     Korr. Eide og Fræna  Sven-Tore 
mandag 26. X       Jostein 
onsdag 28.       Begynnardag  Arnstein og Dag Ola 
 
M  A  R  S 
fredag 2. X       Mass
mandag 5.   X     Erlend
onsdag 7.       Begynnardag  Frode og Are
fredag 9.   X     Sven-Tore
mandag 12.   X   Korr Vigra og Valderøy  Kim Ole og Svein Arve
onsdag 14.       Begynnardag Arnstein og Dag Ola
fredag 16. X       Kim
søndag 18. X     Stemne ØVPK  
mandag 19.     X   Atle
onsdag 21.       Begynnardag  Frode og Are
fredag 23.     X   Eirik
mandag 26.     X Påskeveke  Kai-Herman
onsdag 28.       Begynnardag Arnstein og Dag Ola
fredag 30.     X Langfredag Morten
 
A  P  R  I  L 
mandag  2.   X   2. påskedag  
onsdag 4.       Begynnardag   
fredag 6.   X      
mandag 9. X        
onsdag 11.       Begynnardag   
fredag 13. X        
mandag 16.   X      
onsdag 18.       Begynnardag   
fredag 20.   X      
mandag 23.     X    
onsdag 25.       Begynnardag   
fredag 27.     Korr Vigra og Valderøy   
 

Alle vaktene er kontakta om denne lista på førehand der vaktene kunne seie kva dagar som passar. Vaktlista for første veke i januar var sett opp 31. desember, resten av januar den 5. januar. Mars var sett opp den 20. februar. Vaktliste for april kjem. Takk til alle som sa seg villig til å være vakt denne våren. 

Dersom dagen likevel ikkje passar for den som er oppsett som vakt, har vakta sjølv ansvar for å finne ein erstattar. Vakta skal: hente nøklar, låse opp dørene til skytebana før skytetida tek til, normalt vere standplassleiar, låse igjen etterpå og levere tilbake nøklane. Atle, Jon Magnar og Are har nøklar.

Det ligg eit laminert ark med 2-sidig bruksanvisning for elektronikken ved standplass nr 1. Minner om at ein fortsatt kan nytte vendeskivene og at blinkane på dei elektroniske skivene skal klistrast etter bruk.

Vi har saman med Hovdebygda og Ørsta skyttarlag skaffa ei golvvaskemaskin til bruk på bana i Ørsta kulturhus. Avtalen er at vi kostar opp rundt skivene kvar mandag, så vil H&Ø bruke golvvaskemaskina til å gjere golvet reint kvar tirsdag. 

Standplassleiar har ansvar for at resultata vert registrerte på vintercupen. Til no har Are, Arnstein, Atle, Bjørnar, Erlend, Frode, Jon Erling, Jon Magnar, Jostein, Kim, Kim Ole, Morten, Sven-Tore og Tor tilgang til å oppdatere Vintercupen med nye resultat. Andre som ynskjer å bidra med dette kan ta kontakt med Are for opplæring og brukarnamn/passord. Oppdatering av vintercupen skjer på Internett og er intuitivt oppbygd. Alle som har prøvd til no, har klart det !

Telefonliste vakter

Are Berg 9010 5647
Arnstein Myklebust 9061 5296
Atle Eikrem 4169 1196
Dag Ola Myklebust 9159 0918
Eirik Tjugen 4110 2774
Erlend Vikestrand 4802 9545
Frode Krøvel 9977 4024
Jon Magnar Frislid 9096 0350
Jostein Eiken 9863 9283
Kai-Herman 4643 0776
Kim Tafjord 9703 9184
Marcel Emmen 4646 4434
Mass Langvatn 9822 2277
Morten Lien 9797 5706
Sven-Tore Verstad 9118 7681

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS