Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Plater i tak og på veggar på bana i Ørsta kulturhus i 2017

20171027_212205.jpg

Etter fleire felles-dugnadar for medlemar av Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag og ØVPK, har vi fått opp kvite lyddempande plater i taket og på sideveggane på skytebana i Ørsta kulturhus.

No kan alle medlemar gle seg til å kome på skyteøving til ei kvit og fin bane med god lyddemping.

Det var først ein prøvedugnaden der vi fann fram til ein fungerande måte å henge plater i taket. Deretter held vi fram med dugnadsarbeid med desse lydplatene dagane 19., 21., 26. og 28. september og 3., 5. og 26. oktober 2017. Takk til alle som deltok på dugnadane!

Etter at platene i taket og på sideveggane kom på plass, blei lydforholda på bana mykje betre enn det hadde vore dei føregåande månadane.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS