Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Vestnes Pistolklubb

Bana til Vestnes Pistolklubb ligg i idrettshallen på Vestnes. Når du kjem frå Ålesund tek du til høgre rett etter avkøyringa til brua over Tresfjorden. Køyr så vidare mot Vestnes sentrum og tak til venstre rett etter gatekjøkkenet.

25 meter bana:

10 meter luft:

Opphaldsrom:

Molde Pistolklubb

Bana ligg i kjellaren på tribuna på gamle Molde Stadion. "Skyttarstadion". Om vinteren arrangerer også Fannefjord Pistolklubb stemna sine her.

Har luftbane med 5 skiver og 25/50 meters bane med 15 skiver. Romslige forhold med møterom og WC etc.

Inngangen til bana:

Luftbana:



25/50-meters bana:

Åndalsnes Pistolklubb

Bana til Åndalsnes Pistolklubb ligg i kjellaren på Åndalsnes Ungdomsskule. Når du kjem frå Ålesund tek du til venstre i den store rundkjøringa like før sentrum (den med tunnelen til høgre). Etter eit par hundre meter kjem du til Ungdomsskulen. Vidaregåande skule og Raumahallen ligg like ved.

Bana har 6 skiver. Dei planlegg elektronikk om 1-2 år. Opphaldsrom (kantina til ungdomsskulen) og toalett høyrer til.

Førde Pistolklubb

Bana til Førde Pistolklubb ligg i Kråkenesmarka, ca 7-8 km frå Førde sentrum. Når vi kjem frå nord, køyrer vi akkurat forbi Førde sentrum og tek til høgre i siste rundkjøringa. Følgjer rv 6xx mot xxx i ca. 7 km. Er skilta frå riksvegen. På same området ligg Førde skyttarlag si bane. Bl.a. arena for Landsskyttarstemnet 1997. Her ligg også ei leirduebane.

Bana til Førde pistolklubb er den største i distriktet med sine 42 standplassar på 25 meter. Same standplassane vert også nytta til 50-meter. Bana er utandørs. Her vart det arrangert NM i 1992.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS