Opnar for trening i Sollidalen

Skytebanene til OVPK, både på kulturhuset og i Sollidalen, har vore stengde for trening, stevner og anna organisert aktivitet sidan 12 mars.
Styret har bestemt at det skal opnast for trening på pistolkubben si bane i Sollidalen fra og med 1 mai, men med strenge begrensingar.
Pistolklubben har fulgt råda fra idrettsforbundet og fra skytterkretsen ved å stenge heilt for all aktivitet på våre baner for å begrense smitte av coronavirus.
Når det no for litt sidan vart lagt opp til ei ei gradvis opning for aktivitetar også innanfor idretten har styret i Ørsta/Volda pistolklubb no valt å følge opp dette med å opne pistolklubben si bane i Sollidalen for trening.
For at dette skal være trygt vert det sterke begrensingar i aktivitet og grundig reinhald vert heilt avgjerande for at vi kan halde ope framover:
- Ikkje ver på bana om du ikkje føler deg heilt frisk.
- Vask deg grundig på hendene før du kjem på bana
- Bruk handsprit/desinfiserande veske, denne står på skytebana (5l kanne med pumpe)
- Minimum to meter mellom kvar person til ei kvar tid innandørs, dette betyr at det kun kan være 4 personar på standplass samtidig.
- Det er grunna smittefare kun lov å nytte eigne skytevåpen, ikkje lån våpen av andre. Klubbvåpen skal ikkje takast med på bana.
- Klubbhuset skal ikkje nyttast som opphaldsrom, kun dei som skyt treng å være i klubbhuset.
- Etter skyting skal alle berørte flater reingjerast av den enkelte. Skytebenkar, dørhandtak o.l. Desinfiserande veske er å finne på sprayflasker i klubbhuset.
Ellers gjeld vanlege reglar om max 5 personar saman i gruppe på uteområdet. Ver forsiktige alle saman, viktig å hugse at fordi om vi føler oss friske kan vi alle være smittebærarar.
Om tilrådingane vert endra eller om desse reglane ikkje vert fulgte vert bana stengd.