Ny standplass på kulturhuset oktober 2017
Vi har vi fått ny standplass på skytebana i Ørsta kulturhus. Takk til Eirik, Kim Ole og Svein Arve som konstruerte og bygde den nye standplassen !
Første skyteøving med ny standplass var mandag 30. oktober 2017. Vel møtt til å prøve den nye standplassen.
Det er gjennomsiktige plater mellom standplassane for å stoppe tomhylser frå å treffe naboen. Platene gjer også at det slepp til mykje meir lys på standplass og vi ser kva som skjer på dei andre standplassane. Ved sida av borda er det plass til at vi kan senke handa til 45 grader ut frå kroppen slik det skal gjerast i til dømes duellserier.
Den nye stanplassen krev litt meir av oss skyttarar på den måten at vi må klare å halde oss bak stanplasslina til standplassleiar gir tillatelse til å gå fram.