Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Kjøpe og eige handvåpen

For å kunne søke om løyve til å kjøpe eige handvåpen, krev politiet ei stadfesting på medlemskap og aktivitet dei siste seks månadar frå ein godkjend pistolklubb.

Når ein har gått sikkerheitskurs og meldt seg inn i klubben, treng ein å vise seg som ein aktiv medlem. I politiet sitt rundskriv om behandling av våpensøknadar er aktivitetskravet for begynnaren 2-3 oppmøter på banen kvar månad i løpet av eit halvt år. For at frammøta skal kunne dokumenterast, krev vi at medlemen skriv seg i baneprotokollen ved kvart oppmøte. Når ein medlem oppfyller kravet til aktivitet, kan klubben fylle ut eit dokument som stadfestar medlemskap og aktivitet. Medlemen kan då fylle ut søknad om løyve til å kjøpe sitt eget eller sine egne våpen og sende til politiet. I ØVPK er det formannen som fyller ut stadfestingsdokumentet. Ta kontakt når du oppfyller krava og vil til å søkje om våpen.

For medlemar som ser for seg å delta i sporten, anbefalar klubben at ein kjøper ein «startpakke» av våpen. Reglen er slik at gebyret for å søke om våpen er like stort om ein leverer inn ein eller fleire søknadar samtidig. Startpakken består av ein pistol i kaliber .22 til baneskyting samt ein pistol med kaliber 9 mm og ein revolvar i kaliber .357 magnum til feltskyting. Med desse våpna og nok amunisjon i veska, kan ein skyte alle baneprogramma, alle klassene i ordinær feltskyting/NorgesFelt og magnum 1 i et stemne for spesial/magnum. Startpakken kan naturlegvis kjøpast etter kvart som ein er klar. Ein innvilga søknad er gyldig i 12 månadar.

Dersom nokon har ynskje om andre kaliber eller våpen enn «Startpakken» kan det væra lurt å diskutere rekkefølgen på kjøpa med ein erfaren skyttar. Reglane er til dømes slik at dersom ein eig eit våpen i kaliber 9 mm, er det vanskeleg eller umogeleg å kjøpe eit våpen i kaliber .45.

Våpen kan kjøpast nye hos forhandlarar eller ein kan nytte den eksisterande marknaden for omsetting av brukte våpen. Det er også slik at dersom ein ser at ein ikkje vil fortsette med sporten, kan ein i mange tilfeller få tilbake mykje av det ein betalte for våpna sine ved sal.

Når ein står med «verdipapiret» stadfesting på aktivitet frå klubben, treng ein å besøke lensmannskontoret for å få skjema for å søke etter våpentillatelse. Hjelp til utfyllinga av søknaden står i artiklen «Utfylling av søknad om tillatelse til å kjøpe og eige handvåpen».

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS