Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Feltskyting

feltblinkar.jpg

Nokon medlemar av Ørsta/Volda Pistolklubb likar feltskytinga best. Dette øvar vi på i sommar-halvåret. Slik skyting foregår utandørs og vår bane til dette er i Sollidalen.

I klubben øvar vi på to former for feltskyting; Tradisjonell feltskyting og NorgesFelt. Felles for desse formene for feltskyting er at skyttarane flyttar seg frå standplass til standplass og skyt mot forskjellige blinkar ved dei forskjellige standplassane. Her er det skyting mot pappblinkar som gjeld.

Tradisjonell feltskyting betyr at kvar standplass har eit antall identiske sett med blinkar. ØVPK nyttar 8 sett. 8 skyttarar blir sett saman til eit lag og laget går frå standplass til standplass og skyt på kvar sine blinkar samtidig. Her har normalt stanplassane ulik avstand til blinkane, skytetid og skytestilling; ei hand, to hender, ståande, liggande eller kneståande.

NorgesFelt bestyr at standplassane er plasserte på ei line og at skyttarane flyttar seg til neste standplass på lina mellom skytingane og anvisingane. Her er skytetida og kommandoane felles for alle standplassane, men blinkane og skytestillingane varierar frå standplass til standplass.

Kommandoar på standplass
Det at skyttarane og våpena skal flytte på seg og det at nokon må fram til blinkane for å registrere treffa mellom skytingane gjer at kommandoane blir noko meir omfattande enn i baneskyting. Dette for å ivareta sikkerheita. Standplassleiar seier fyrst PAKK FRAM VÅPEN og FYLL TØNNE/MAGASIN. Deretter forklarar leiaren standplassen etterfulgt av kommandoen LADING. Fyrst då kan skyttarane lade våpenet, finne den rette skytestillinga og øve på å løfte våpenet opp i siktebildet. Når standplassleiaren meinar at skyttarane ser klare ut, kjem kommandoen (spørsmålet) ER SKYTTARANE KLARE? Dersom ein skyttar treng meir tid før ein er klar, skal skyttaren seie høgt og tydeleg NEI. Då får skyttarane meir tid før spørsmålet kjem på nytt.

Neste kommando er KLAR. Då skal skyttarane senke våpna ned slik at arma/armane er i 45 graders vinkel nedover. Etter ca 5 sekund kjem kommandoen ILD. Då lyfter naturleg nok skyttarane våpenet og skyt skota sine mot blinkane. Over dei to siste sekunda av skytetida skal standplassleiaren rope kommandoen STAAAANS. Dersom nokon skyt etter den kommandoen, får dei trekk i poeng.

So kjem kommandoen TØM VÅPEN OG GJER KLAR FOR VISITASJON. Deretter går standplassleiaren bak skyttarane og ser at kammera i våpna og magasina er tomme. Siste kommando på standplassen er ANVIS. Det er eit krav at skyttarane ikkje skal bere våpna i handa mellom standplassane, så våpna skal leggast i veske/sekk eller i hylster mellom standplassane.

Når ein kjem fram til blinkane, ser standplassleiaren over blinkane og tel kor mange treff det er i blinkane til kvar skyttar og antal blinkar skyttaren har truffe. Poenga blir talet på treff i blinkar pluss talet på truffne blinkar. Dette gir feltskyttaren valet om kor mange blinkar ein skal sikte mot for å få mest mogeleg poeng. 

I feltskyting varierar det om ein kan/skal skyte med ei eller to hender. Når det er mogeleg å bruke 2 hender og ein er kjend med den skytestillinga, er det å anbefale å bruke begge hender. Dette fordi det gir betre stabilitet på våpenet.

Antal skot ein skal/kan skyte varierar etter kva klasse ein skyt i; Finfelt (.22): 6 skot, Grovfelt (>=.32): 6 skot, Millitærfelt (>= 9 mm): 6 skot, Revolvarfelt: 6 skot, Spesialpistol (liten pistol): 5 skot, Spesialrevolvar (liten revolvar): 5 skot, Magnum 1(>=.357): 5 skot og Magnum 2 (grovare): 5 skot.

I feltskyting kan det nyttast våpen med forskjellige kaliber og forskjellige klasser i det same laget. Med nok våpen og amunisjon tilgjengeleg kan ein typisk gå løypa fire eller seks gongar.

Alle reglane for feltskyting i Norge blir vedtekne av Norges Skytterforbund.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS