Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Baneskyting

baneblinkar2.jpg

Dei som har ambisjonar om å utvikle som som pistolskyttar og vil konkurrere med andre, bør lære seg og øve på baneskyting. For oss i Ørsta/Volda Pistolklubb er det også denne aktiviteten som foregår på den einaste enkelt tilgjengelege skytebana store delar av året. I baneskyting blir det konkurrert i forskjellige program som heiter Standardpistol, Hurtigpistol, Finpistol og Silhuettpistol. Vi har i vinterhalvåret organiserte øvingar med dei tre første programma pluss NAIS mot slutten av kvart år.

Dei vanlege baneprogramma skal skytast med ei hand. Alle seriar består av 5 skot og skyttaren blir ståande på den same standplassen i heile programmet. Felles for alle baneprogram er at før skyting av kvar serie, fortel standplassleiar kva for ein serie som skal skytast og gir kommandoen LADING. Då har skyttarane eit minutt til å lade våpenet og kome i posisjon til å starte. Når minuttet er gått, seier standplassleiaren KLAR. Då kjem det raude lyset på og lyser i sju sekund. Mot slutten av dei sju sekunda skal skytearma til skyttarane peike 45 grader nedover. Etter dei sju sekunda kjem grønt lys i skytetida til programmet. Etter skytetida kjem det raude lyset på og treff blir ikkje godkjende.

Baneprogramma
Programmet Standardpistol består av 4 seriar med 150 sekund skytetid, 4 seriar med 20 sekund og til slutt 4 seriar med 10 sekund skytetid. Alle seriar består av skyting mot presisjonsblinkar.

Programmet Hurtigpistol består av 4 seriar med 10 sekunds skytetid, 4 seriar med 8 sekunds skytetid og til slutt 4 seriar med 6 sekunds skytetid. Alle seriar består av skyting mot duellblinkane og alle seriar har 5 skot.

Programmet Finpistol består av 6 seriar med skytetid 5 minutt mot presisjonsblinkar og 6 seriar med duellskyting mot duellblinkar. Ei duellserie består av 3 sekund til å skyte eit skot og 7 sekunds pause der skyttarane skal senke våpenet slik at handa har ein vinkel på 45 grader ut frå kroppen. Dette gjentek seg 5 gongar per serie. 

I programmet Silhuettpistol består ein serie av skyting av eit skot i 5 blinkar ved sida av kvarandre. Tidsbruken i programmet er: 4 seriar med skytetid 8 sekund, 4 seriar med 6 sekund og 4 seriar med skytetid 4 sekund. All skyting i dette programmet er mot duellblinkar.

Programmet NAIS er ei blanding av seriane i Standardpistol og Finpistol og består av 2 seriar med 150 sekund skytetid, 2 duellseriar, 1 serie med skytetid 20 sekund og 1 serie med 10 sekund. All skyting i dette programmet er mot duellblinkar og alle seriar har 5 skot.

Alle programma er slik at dei blir vanskelegare mot slutten, men fleire er slik at ein kan øve seg på det vanskelege i starten. Til dømes kan ein i programmet Finpistol senke og lyfte handa mellom kvart skot i presisjonsdelen og slik øve seg på løftet som må gå raskt når ein kjem til duellseriane.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS