Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Informasjon om sporten

Pistolskyting er både moro og sosialt. Nokre av oss konkurrerer også med folk fra egen og andre klubbar. Pistolklubben i Ørsta og Volda har mange aktive skyttarar, men vil gjerne ha fleire.

Fordi våpna vi brukar har så korte løp, kan ein, dersom ein er ubetenksom, kome til å peike løpet mot seg sjølv eller ein av dei andre på skytebana. Dette og andre farlege situasjoner blir det gjort mykje for å unngå i den organiserte skytinga.

Ein ting som blir gjort for sikkerheita, er at alle som vil starte med pistolskyting først må gå eit sikkerheitskurs. Etter det kan ein melde seg inn i klubben og gå på dei ordinære treningane. Etter å ha vore aktiv i eit halvt år, kan ein få tillatelse fra politiet til å eige eget eller egne våpen.

Mykje blir enklare når ein eig sitt eige våpen. Ein fordel er at ein kan besøkje skytebana i Sollidalen og trene når ein har tid. Vidare treff ein normalt betre på blinken når ein skyt med det same våpenet kvar gong. Dette fordi våpen er merkbart forskjellige med hensyn til skjefter og kor hardt ein må trykkje på avtrekkaren før det smell. Det er også slik at dei som ser for seg å være aktive i nokre år, gjerne kjøper ein konkurransepistol som er vesentleg lettare å treffe godt med enn nokre av pistolane som klubben eig.

Før ein får kjøpe eget handvåpen er det fleire vilkår i våpenlova og i forskrift om skytevåpen som må oppfyllast. Eit av krava er at ein har fylt 21 år. Det er også krav om aktivt medlemskap i godkjend pistolklubb i minst eit halvt år.

Sikkerheitskurs

Ørsta / Volda Pistolklubb arrangerar normalt sikkerheits-/begynnarkurs på hausten. Kurset hausten 2015 var fulltegna. I 2016 arrangerte vi eit sikkerheitskurs i mars og eit i november. Dei fyrste månadane etter slike kurs, set vi av eigne øvingstider for kursdeltakarane.

Eit sikkerheitskurs i Ørsta/Volda Pistolklubb foregår på skytebana og går normalt over fire kveldar. Mykje av tida blir brukt til skyting under kyndig veiledning av erfarne instruktørar. Det blir også undervist i korleis ein skyttar skal oppføre seg på skytebana.

Som eksempel kan vi nemne at nokre gongar går noko feil under skytinga, slik at våpenet ikkje skyt når det skal. I slike situasjonar er det ekstra viktig at skyttarane veit korleis dei skal opptre. Det er også viktig at alle skyttarar kjenner alle kommandoar skyteledaren gir, og kva dei betyr.

Ein treng ikkje noko forhandskunnskap for å gå eit slikt kurs. Under kurset får deltakarane bruke klubben sine pistolar og anna nødvendig utstyr.

Eit anna tema i kurset er teori om korleis ein skal sikte og trekke av for å treffe blinken best mogeleg; kva ein bør passe på og tips om kva ein kan gjere for å bli ein betre skyttar.

Vi har kravd inn ei kursavgift på kr 1 200,- fra kvar deltagar på sikkerheitskurs. Beløpet dekker kursmateriell, bruk av klubben sine pistolar, amunisjon, hørselvern og vernebriller. Ved fullført kurs og prøve får deltakarne kursbevis.

Mot slutten av kurset får deltakarane spørsmål om dei ynskjer å bli medlem i ØVPK og fortsette med skyting på organiserte skyteøvingar.

Mellom kursa held klubben ved like ei liste over personar som har meldt interesse for å gå sikkerheitskurs. Når kurset nærmar seg, blir det sendt ein epost til alle på lista med opplysning om når kurset tek til og kor lenge kurset varer. Normalt passar ikkje tida for alle på lista. I eposten ber klubben om bindande påmelding. Då er det slik at dei fyrste som melder seg på, får plass på sikkerheitskurset. Før kurset tek til sender klubben ut informasjon til dei som har fått plass. 

Dei som ynskjer å kome på lista og motta ein epost når tidspunktet for neste sikkerheitskurs er klart, eller har fleire spørsmål, kan sende ein epost til formannen i klubben. Epostadressa står oppe til venstre på sida. Hugs å sette inn @ i adressa i epostprogrammet før du trykkjer send.

Kjøpe og eige handvåpen

For å kunne søke om løyve til å kjøpe eige handvåpen, krev politiet ei stadfesting på medlemskap og aktivitet dei siste seks månadar frå ein godkjend pistolklubb.

Når ein har gått sikkerheitskurs og meldt seg inn i klubben, treng ein å vise seg som ein aktiv medlem. I politiet sitt rundskriv om behandling av våpensøknadar er aktivitetskravet for begynnaren 2-3 oppmøter på banen kvar månad i løpet av eit halvt år. For at frammøta skal kunne dokumenterast, krev vi at medlemen skriv seg i baneprotokollen ved kvart oppmøte. Når ein medlem oppfyller kravet til aktivitet, kan klubben fylle ut eit dokument som stadfestar medlemskap og aktivitet. Medlemen kan då fylle ut søknad om løyve til å kjøpe sitt eget eller sine egne våpen og sende til politiet. I ØVPK er det formannen som fyller ut stadfestingsdokumentet. Ta kontakt når du oppfyller krava og vil til å søkje om våpen.

Utfylling av søknad om tillatelse til å kjøpe og eige handvåpen

Når ein vil kjøpe våpen, har vore medlem i 6 månadar og minst like aktiv som kravet, kan ein be om stadfesting frå formannen. Med stadfestinga i handa er det tid for å besøkje det lokale lensmannskontoret og få utlevert like mange søknadsskjema som talet på våpen ein vil søke om.

Skjemaet har mange felt for utfylling fordi det skal nyttast i fleire prosessar; Først søknad om lov til å kjøpe og eige våpen, deretter får søkjaren skjemaet tilbake i innvilga stand. Når søkjaren vel å kjøpe eit våpen, skal det innvilga søknadsskjemaet leverast til seljaren som fyl inn meir opplysningar om våpenet ein kjøper. Seljaren deler så skjemaet og kopiane frå kvarandre; beheld ein kopi sjølv, leverer ein kopi til kjøparen og to kopiar til politiet saman med våpenkortet sitt. Politiet brukar så dei to kopiane av søknadsskjeamet til å føre inn i registeret at kjøparen er ny eigar av våpenet, fyl ut permanent våpenkort og sender det til den nye våpeneigaren.

Slik fyl ein ut skjemaet når ein skal søke om lov til å kjøpe og eige våpen:

Baneskyting

baneblinkar2.jpg

Dei som har ambisjonar om å utvikle som som pistolskyttar og vil konkurrere med andre, bør lære seg og øve på baneskyting. For oss i Ørsta/Volda Pistolklubb er det også denne aktiviteten som foregår på den einaste enkelt tilgjengelege skytebana store delar av året. I baneskyting blir det konkurrert i forskjellige program som heiter Standardpistol, Hurtigpistol, Finpistol og Silhuettpistol. Vi har i vinterhalvåret organiserte øvingar med dei tre første programma pluss NAIS mot slutten av kvart år.

Feltskyting

feltblinkar.jpg

Nokon medlemar av Ørsta/Volda Pistolklubb likar feltskytinga best. Dette øvar vi på i sommar-halvåret. Slik skyting foregår utandørs og vår bane til dette er i Sollidalen.

I klubben øvar vi på to former for feltskyting; Tradisjonell feltskyting og NorgesFelt. Felles for desse formene for feltskyting er at skyttarane flyttar seg frå standplass til standplass og skyt mot forskjellige blinkar ved dei forskjellige standplassane. Her er det skyting mot pappblinkar som gjeld.

Vidareutvikling

Etter ei tid med baneskyting og feltskyting vel nokon medlemar å også lære seg andre typer av skyting. Nokon vel Dynamisk Sportsskyting og nokon vel Svartkruttskyting.

Dynamisk sportsskyting
Denne skyteforma har utvikla seg slik at her på Nordvestlandet er det berre ein klubb som arrangerer godkjenningskurs og stemner i denne skyteretninga. Dei rekrutterer medlemar frå dei andre pistolklubbane i området. Ein kan lese meir om denne skyteforma på heimesida eller på facebook. I vår klubb er Bjørnar Osnes kontaktperson for dei som er interesserte i å bli kjend med den skyteforma.

Svartkrutt
Dette er skyting med pistolar, gevær som blir lada med svartkrutt i staden for «røyksvakt krut» som vanlege feltvåpen og banevåpen nyttar. Dei nyttar
pistolar, gevær og opp til kanon lada med svartkrutt!

Kruttet Svartkrutt lagar mykje røyk og når fleire skyt samtidig på ein vindstille dag, kan det bli så mykje røyk framom standplassen at det kan være utfordrande å sjå fram til blinken.

Skytinga er delt i forskjellige klasser. Ofte ladar ein våpna på standplass med å tøme svartkrutt ned i løpet, presse det saman og trykke ei kule framom krutet. Med ein tennsats på plass, er ein klar til å skyte. Nokre klassar nyttar flintstein som tennsats, andre våpen nyttar tennhetter for svartkrutt.

Denne gruppa har sitt ege menyval på denne heimesida med informasjon om noko av det som skjer i gruppa. Gruppa arrangerer fleire stemner for året og det er ei eiga terminliste for slike stemner.

Flytting av skyteøving / Introduksjon til feltskyting

Skyteøvinga onsdag 25. mai 2016 blei flytta frå Ørsta kulturhus til Sollidalen og tok til kl 18. Der blei det introduksjon til feltskyting for dei som gikk sikkerheitskurs sist vinter/vår.

Opplegget i Sollidalen var at vi først fortalde om noko av det som er annleis i feltskyting i forhold til baneskyting. Deretter fekk kursdeltakarane prøve feltskyting og ein introduksjon til pistolar som nyttar 9 mm ammunisjon og revolvar. Inntrykket er at dei som møtte fram fekk lyst til å prøve meir av dette.

Introduksjonskveld feltskyting

Onsdag 15. april 2015 arrangerte ØVPK introduksjonskveld til feltskyting for pistolskyttarar i Sollidalen. Dei frammøtte frå sikkerheitskurset siste haust fekk skyte med forskjellege pistolar som nyttar 9 mm ammunisjon. Først fekk dei informasjon om feltskyting - så skyting! Vi var under tak mykje av tida, men måtte ut for å sjå treffa i blinkane.

Les meir om bana i Sollidalen frå menyen til venstre.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS