Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

NorgesFeltstemne i Sollidalen mai 2018

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte NorgesFelt-stemnet i Sollidalen laurdag den 5. mai 2018. Mange pistolskyttarar møtte fram til godt skytever og sosialt lag for å konkurrere. Takk til alle som hjalp til som funksjonærar, kiosk, dommarar, fotograf, sekretariat og anna. Vi er glade for at vi kunne tilby kiosk med kaffe, varm mat og godt utval i brus og sjokolade. Sist men ikkje minst; takk til skyttarar frå andre klubbar som tok turen denne dagen. Vi håpar at også tilreisande skyttarar hadde det moro.

NorgesFelt er eit pistolkonsept der løype/blinkar er felles for alle slike stemner i landet. Skyttarar i alle klassene går den same løypa. Dei flyttar seg som vanleg frå standplass til standplass, men alle 8 standplassane er på ei linje - denne dagen framfor skyttarhuset i Sollidalen. Det er felles komandoar og skytetid 10 sekund for alle standplassane og klassene. Ved kvar skyting kan eit nytt lag ta til og eit lag bli ferdig med løypa. Skyttarane klistrar sjølv skivene dei har skote på.

Det var denne dagen mogeleg å skyte i klassene Finfelt (kal .22), Grovfelt (kal>=.32), Millitærfelt (kal >=9 mm), Revolverfelt, Spesialpistol (små pistolar) og Spesialrevolvar (små revolvarar). Kvar skyttar kunne dermed delta med seks startar på ein dag.

Vi hadde laga løype for to skyttarar på kvart lag og hadde heile dagen fleire til å anvise skivene. 16 skyttarar i aksjon samtidig var etter vårt syn god nok kapasitet for avviklinga denne dagen.

Resultata etter stemnet er publisert på nif sine nettsider på same måten som andre feltstemner. Resultata blir også publiserte saman med resultata frå andre NorgesFelt-stemner. Slik kan skyttarane også samanlikna resultata sine med pistolskyttarar frå andre kantar av landet.

30 skyttarar møtte og hadde til saman 81 startar. Harald Strømmegjerde klarte alle poenga i klassa Spesialrevolver. I Finfelt var Dag Ola Myklebust 3 poeng frå å klare alle poenga. Det same var Harald Strømmegjerde og Rolf Toven i klassa Revolverfelt

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS