Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Slik blir du medlem i Ørsta/Volda Pistolklubb

medlreg.png

Ørsta/Volda Pistolklubb (ØVPK) har mange medlemar, men vil gjerne ha fleire. Som medlem kan du delta i pistolskyteøvingar og etter kvart eige ditt eige våpen. Vi vel her å dele nye medlemar for ØVPK i to «erfaringsgrupper»; Personar som

  • ikkje har erfaring frå øving/konkurranseskyting med pistol frå før
  • er eller tidlegare har vore medlem i pistolklubb.

Dersom du ikkje passar inn i erfaringsgruppene over og ynskjer å bli medlem, ta kontakt med formannen og forklar din situasjon.

Ikkje erfaring frå pistolskyting
Du som er i denne erfaringsgruppa må gå eit sikkerheitskurs før du kan ta til med pistolskyting. I menyvalet «Ny i sporten» står meir informasjon om korleis du kan bli medlem og få erfaring med pistolskyting - samtidig som vi held oppe det høge sikkerheitsnivået som er nødvendig i denne sporten.

Er eller har vore medlem i pistolklubb
Du som er i denne erfaringsgruppa kan bli medlem i ØVPK på ein enklare og kjappare måte enn begynnarane. Skyttarforbundet sentralt har vedteke reglar som gir klubben ansvar for nye medlemar sine kunnskapar om sikkerheit. Når personar frå andre pistolklubbar ynskjer å bli medlem i ØVPK, ber vi derfor om dokumentasjon som stadfestar bestått sikkerheitskurs for pistolskyting frå ein pistolklubb. Vi vil sjå stadfestinga før vi melder personen inn som medlem og før den nye medlemmen får delta på dei ordinære øvingane.

Du som ikkje kan dokumentere fullført sikkerheitskurs, men har våpenkort for handvåpen med grunnlag i medlemskap i ein pistolklubb, kan likevel bli medlem etter å ha delteke på eit oppfriskingskurs arrangert av ØVPK.

Lova til klubben krev også at vi tek kontakt med det idrettslaget den nye medlemmen kjem frå for å få stadfesta at medlemen ikkje har ubetalte krav.

Send gjerne ein epost til formannen og skriv at du vil bli medlem. Har du utfordring med krava, skriv også kva som er utfordringa.

Til sjølve innmeldinga i medlemsregisteret treng vi fullt namn, adresse, fødselsdato, kjønn, epostadresse og mobilnummer. Du kan også registrere deg på MinIdrett og søkje om medlemskap i klubben derifrå. Krava i avsnittet over gjeld uavhengig av korleis ein blir medlem. Dersom du søkjer om medlemskap frå MinIndrett, er det fint om du også sender ein epost om det til formannen. Dette fordi dei som held ved like medlemsregisteret ikkje får melding frå medlemsregisteret om at nokon har søkt om medlenskap og vi loggar ikkje på registeret veldig ofte.

Etter at nye medlemar er innmelde i klubben, vil vi sende faktura for betaling av medlemskontingent. Vi vil helst sender faktura med epost og gjer det til dei vi har epostadressa til. For 2017 har årsmøtet bestemt at medlemskontingenten skal være kroner 800,-.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS