Klart for skyting med luftpistol på Ørsta kulturhus

Klubben har fire luftpistolar og har no også kjøpt utstyr for ombygging av tre av dagens elektroniske skiver til skyting med luftpistol. Til skyteøvinga mandag den 11. desember 2017 var alt utstyret klart og på generalprøva fungerte alt som det skulle. Luft-skytinga denne dagen skjedde samtidig som det var ordinær skyteøving for .22 pistolar. Klubben sel no også kuler til luftpistolar.
Styret tok av reservepotten frå årsmøtet for å finansiere denne investeringa.
Ulempen med denne løysinga, er litt meir klargjeringsarbeid enn vanleg. Før ein kan skyte med luftpistol må ein
- trille vogna med skivene 6 - 8 til berre 10 meter frå standplass
- koble vognene/skivene saman med skøyteledning
- skifte til mageband av papir
- skifte til blink for luftpistol
- henge opp kulefangar
- henge opp verneplate/rikosjettdempar av kryssfiner framfor panserplata
Etter luftskytinga må ein gjere skiva/-ene klar for skyting med .22 igjen.
Klubben har kjøpt inn kuler for luftpistol av merket Haendler & Natermann Match Pistol. Oppfattninga er at dette er kuler av jamn og god kvalitet. Klubben sel no bokser a 500 slike kuler til medlemar for kr 70,- per boks. Standplassleiar registrerer sala i eiga bok som ligg i klubbkufferten.
Tanken er å foreslå for årsmøtet i 2018 at vi kjøper inn tre nye skiver utstyrte for luftpistol. Om det blir vedteke, er planen å bygge ei vogn for kvar av dei nye skivene. Då kan ein, to eller tre skyttarar skyte med luftpistol på ei ordinær øving berre med å trille ut vogn(er) og koble til dei andre skivene.