
I kjellaren på Ørsta Kulturhus har vi innandørsbana vår som vi deler med Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag. Vi har 8 elektroniske skiver 25 meter frå standplass. I tilknytning til bana er det møterom og WC.

Kartet viser eit utsnitt av Ørsta sentrum. Innandørsbana vår ligg i Ørsta Kulturhus markert med bokstaven B på raud bakgrunn i kartet. Inngang er frå sida med den store parkeringsplassen. Bana er i kjellaren. Kartet er kopiert frå kart.gulesider.no
Når ein kjem frå nord, fyl ein køyrerute med blå markering i kartet. Kjem ein frå sør, kan ein køyre til rundkøyringa i sentrum av Ørsta. Der tek ein fyrste avkøyring og fyl køyreruta på kartet derifrå.
Vi har teke i bruk 8 elektroniske skiver ved skytebana i Ørsta Kulturhus. No får skyttarane sjå treffpunktet på ein skjerm etter kvart skot. Unntaket er ved skyting av program der serien har kort skytetid. Då får ein sjå treffpunkta etter skytetida for serien. Dei elektroniske skivene gjer at det går raskare å gjennomføre eit program, så vi har betre kapasitet på skytebana enn tidlegare. Oppfordrar alle medlemar til å møte fram på øvingskveldane, prøve nyvinninga, øve seg på pistolskyting og delta i vintercupen.
Resultat av dugnad på bana i Ørsta
Rommet bak skytebana i kjellaren av Ørsta Kulturhus blei i november 2011 oppgradert til standarden på bildet. Veggar er isolerte og har fått panel, i taket har vi lagt takplater og golvet er flislagt.
Ørsta/Volda Pistolklubb takkar medlemane i komiteen for oppgradering av rommet og dei mange som deltok på dugnadane; Både medlemar frå Ørsta/Volda Pistolklubb og frå Hovdebygda og Ørsta skyttarlag.
TIDLEGAR UTFORMING AV BLINKANE PÅ INNANDØRS BANE

Før 2014 hadde vi 8 vendeskiver på bana. Ein boks sytte for at skivene vende fram og vekk så lenge dei skulle mens vi skaut eit program. Anlegget er framleis operativt, men blir no skjeldan brukt.